Okkuperer hus for å stanse E6-utbygging: – Heilt hinsides

I over tre veker har aksjonistar slått seg til rette i eit hus sør for Lillehammer. Målet er å stoppe utbygginga av ein av dei viktigaste vegane i Noreg.

Åshild Slåen
Publisert

– Vi gjer dette fordi vi ikkje ser så mange andre moglegheiter. Dette inngrepet er heilt hinsides. Ein ting er skaden det utgjer i naturen. Ein annan ting er dei 8 milliardar kronene som kan brukast på så mykje anna.

Det seier ein av aksjonistane som måndag 17. februar tok seg inn i eit hus sør for Lillehammer, på telefon til Framtida.no. Studenten i 20-åra vil vere anonym, på grunn av trugande kommentarar og tilbakemeldingar dei har fått for det dei gjer, men Framtida.no kjenner identiteten hans.

Aksjonistane har tenkt å vere i huset fram til planane om å bygge ut 23 kilometer av E6, som vil gå gjennom Lågendeltaet naturreservat, blir skrinlagde.

– Kor lang tid kan det ta?

– Lenge, veldig lenge. Vi kjem ikkje til å gå ut, for dette er så viktig for oss. Vi finn så mykje meining i det vi gjer for å beskytte naturen, seier aksjonisten.

Grønt lys til å byggje ut naturreservat

Lågendeltaet naturreservat vart verna i 1990. Våtmarksområdet ved Lillehammer har 228 forskjellige fugleartar, og 71 av desse er raudlista, ifølgje Miljødirektoratet. Området har også andre raudlista arter.

I 2019 vedtok Stortinget å bygge ei motorvegbru over verneområdet. Miljødirektoratet sa i 2022 nei til å gi dispensasjon til utbyggjaren Nye Veier AS, men i februar 2023 overprøvde regjeringa dette, og gav grønt lys til utbygging. For å gjennomføre dette vart 27 dekar teke ut av naturreservatet same år, og det vart lagt fram andre vernetiltak for å kompensere for utbygginga.

Prosjektet skal starte opp i løpet av kort tid, ifølgje Nye Veier. Dei signerte ei endeleg avtale 25. februar med AF Gruppen, som skal gjennomføre arbeidet.

Brua og vegen vil krysse elva lenger nord enn E6 i dag, og skal gå ut frå ein tunnel i fjellet. Det er på den andre sida av fjellet aksjonistane har okkupert eit hus, for å hindre starten av tunnelutbygginga.

Både støtte og kritikk

– Vi kan ikkje halde på sånn i 2025, difor tek vi over dette huset for å vise motstand, når dei politiske prosessane ikkje fungerer, seier aksjonisten på telefon til Framtida.no.

Studenten i 20-åra fortel at dei har fått blanda reaksjonar på aksjonen. Han er veldig takksam for støtta dei har fått frå organisasjonar som Lågendeltaets venner og Natur og Ungdom. Torsdagar har dei også invitert til bålkveldar for å høyre frå lokalmiljøet om kva dei meiner.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Leve Lågendeltaet (@levelaagendeltaet)

– Eg trur Lillehammer er veldig splitta, med nokre tusen som støttar oss, og nokre tusen som er sure på oss, seier han, og viser til debatten som har vore i regionsavisa GD.

Han synest husokkupasjonen er ei god aksjonsform, sidan det er ein fredeleg måte å demonstrere på, som han meiner ikkje er til bry for andre enn utbyggjaren.

Tysdag var politiet på staden, ifølgje NRK. Arbeidarar frå AF Gruppen hadde då blitt hindra å setje opp gjerde rundt delar av huset av aksjonistane, og politiet vart rutinemessig kontakta. Dei reiste att etter dialog med utbyggjaren.

Meiner hyttebuarar blir prioritert over natur

– Eg synest det er dødskult, og skulle ønske at fleire brukte ulike former for demonstrasjonar for å setje lys på denne saka.

Det seier Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom, på telefon til Framtida.no. Ho synest det er synd at Lågendeltaet for det meste har forsvunne frå mediebiletet før aksjonen, trass i at mange er imot utbygginga.

– Det var på tide at nokon tok grep, og eg synest det er ein kul aksjon og støttar han.

Sigrid Hoddevik Losnegård er leiar i Natur og Ungdom. | Foto: Lovise Tokle Rannekleiv

Losnegård meiner at vegen kunne blitt utbetra utan så drastiske tiltak.

– Det er heilt forkasteleg at ein prioriterer kortare veg til hytta over verdifull natur som vi vil miste, viss dette skjer.

I 2021 køyrde det i snitt 18 000 køyretøy på E6-brua ved Lillehammer, ifølgje Gudbrandsdølen Dagningen. Nye Veier sin prognose er at køyretøya vil auke til 21 300 innan 2030 og 24 700 innan 2050. Den største auken vil då vere lengre personreiser, som står for 60 prosent av auken. I dag er vegen spesielt pressa på store reisedagar som ved vinterferiar og 2. påskedag.

Viktig at lovlege vedtak blir følgde opp

Norske styresmakter har ingen plan om å stoppe prosjektet.

Kristoffer André Hansen er statssekretær i Klima- og miljødepartementet.

– Regjeringa vil gjennomføre dette slik at vi får tryggare og betre E6 forbi Lillehammer. Det vil gi mindre tung- og langtransport i ein viktig del av naturreservatet og i sentrale delar av byen. I tillegg skal vi betre tilstanden for naturen og hindre anna naturtap i områda kring den nye vegen.

Det skriv statssekretær Kristoffer Hansen (Ap) frå Klima- og miljødepartementet til Framtida.no på e-post via kommunikasjonsavdelinga.

– Aksjonar er ein viktig del av demokratiet. Det er også ein viktig del av demokratiet at lovlege og gyldige vedtak blir følgde opp.

– Gjer regjeringa nok for å hindre naturtap som vil gå ut over framtidige generasjonar? 

– Regjeringa har verna Rykkhustjønnin naturreservat, eit område litt nord for Lågendeltaet, som er 30 gongar større enn området i Lågendeltaet som blir bygd ned. Her er mange av dei same verneverdiane som i Lågendeltaet og uvanleg mange ulike fugleartar, skriv Hansen.

Han viser til at området skal restaurerast slik at naturen kjem i betre stand, og at det blir betre leveområde for fuglane. Utan prosessen rundt utbygginga, hadde ikkje dette vernet og restaureringa skjedd, påpeiker han.

Regjeringa vil også verne og restaurere Gausadeltaet, som ligg like ved Lågendeltaet. Prosjektet er no på høyring.

Hansen kan også vise til konkrete tiltak som skal gjere E6-prosjektet mindre inngripande, inkludert støy og lysskjerming på dagens E6, visuelle markørar på høgspentleidningar, og at vegen blir smalare enn det som opphavleg var planlagt.

– Vi føreslår lengre ferdselsforbod og utviding av Lågendeltaet naturreservat i nordaust. Forslaget skal på høyring denne våren. Og vi skal etablere nye krattskogområde for småfugl, skriv han.

Kan ikkje klippe og lime i vern

Natur og Ungdom er ikkje nøgde med lovnadane om at erstatningsareal blir verna, og andre tiltak for å bøte på konsekvensane av utbygginga.

– Ein kan ikkje klippe og lime i vern, berre fordi ein skal bygge ein veg. Dei fuglane som kjem til Lågendeltaet kjem ikkje til å forstå at dei heller skulle flydd til ein annan plass. Dei artane som lever i Lågendeltaet kjem ikkje til å forstå at dei er nøydde til å flytte, seier Losnegård.

Aksjonisten i huset har i alle fall ikkje tenkt å flytte på seg med det fyrste. Studenten Framtida.no har prata med, meiner det må ei haldningsendring til når det kjem til å vern av naturen vår. Han trur ikkje på at det vil stoppe med denne utbygginga, og meiner ein ikkje kan planlegge for uendeleg auke i biltrafikk.

– Realiteten er at vi treng betre løysingar, og vi må gå over til meir tog. Biltrafikken må ned.

Aksjonistane vil sjølv sørgje for vern, når det er teke bort av regjeringa. | Foto: Privat