– Er det ein ting koronapandemien har vist oss, så er det kor viktig det er med internasjonalt samarbeid og dialog på tvers av landegrenser. Vi må gjere alt vi kan for å gi elevar og studentar moglegheita til å bruke heile verda som læringsarena, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i ei pressemelding.
Han seier regjeringa derfor vil forlengje ordninga med at studentar skal få lån og stipend sjølv om dei ikkje kan starte utanlandsstudiane fysisk på lærestaden med ein gong.
- Lurer du på kva dei siste smittevernreglane er? Sjå her!
Koronastøtte til våren
Strenge innreiseforbod kan hindre studentar frå å reise til studielandet til våren, noko som kan bety at fleire må starte semesteret med å bu heime hos foreldra sine.
– Tidlegare har ikkje studentar hatt rett til lån og stipend i slike tilfelle. Det fekk dei i haust, og no foreslår vi at dei òg skal ha rett til dette til våren, seier Asheim.
Det blir òg moglegheit til å få lån og stipend sjølv om ein ikkje følgjer undervisninga fysisk på lærestaden. Mange studieplassar tilpassar undervisninga sik at norske studentar kan følgje den digitalt frå heimlandet medan dei ventar på å få reise.
Forslaget blir no lagt ut på høyring.
- Les også intervjuet med Ingeborg (21) som fryktar avlyst utveksling svekkjar jobbmogelegheitene hennar: – Utveksling er meir enn berre ei kjekk oppleving på dette studiet. Det er fagleg relevant, og gjev viktig erfaring.

Foto: Andreas Brattåker Støyva