Berre kvar femte student vil stemme på regjeringspartia

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgre er tredje største parti i målinga. Både Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti er større, med høvesvis 25,5 og 15,5 prosent, skriv Universitas.

For resten av partia er oppslutninga slik: Miljøpartiet Dei Grøne 12,1, Framstegspartiet 7,9, Raudt 7,8, Senterpartiet 7,0, Venstre 4,4, Kristeleg Folkeparti 3,3 og andre parti 3,0.

Lågaste nokon gong

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim er ikkje nøgd med oppslutninga Høgre får blant studentane. Foto: Regjeringen

Det betyr at regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF får til saman 21,2 prosent av stemmene til studentane, noko som er det lågaste samla talet for regjeringspartia sidan målinga starta opp i 2014.

Høgres Henrik Asheim viser til at partiet har gjort det bra på dei siste meiningsmålingane, også blant dei yngre veljarane.

–⁠ Men denne målinga er på ingen som helst måte eit tal eg er fornøgd med, og Høgre skal jobbe hardt framover for å skape fleire jobbar, kutte klimagassutslepp og inkludere fleire i arbeidslivet, seier Asheim.

Støre fornøgd

Jonas Gahr Støre. Foto: Pål Laukli/Arbeidarpartiet/Flickr/CC BY-ND 2.0

Ap-leiar Jonas Gahr Støre er derimot naturleg nok godt fornøgd med målinga. Han trur resultatet må sjåast i samanheng med korleis koronapandemien har påverka studentane.

–⁠ I ei tid med mykje uvisse trur eg verdiar som sterke fellesskap, små forskjellar og ein velferdsstat som er der når du treng han, er kjenneteikn ved Arbeidarpartiets politikk som studentar verdset, seier Støre til Universitas.

SV-leiar Audun Lysbakken trur klimapolitikken til partiet appellerer til unge veljarar.

–⁠ SV er eit parti for både rettferd og miljø, det trur eg er noko som gjer oss populære blant studentane, seier han.

Det er Sentio som har utført målinga på vegner av Universitas og Norsk Studentorganisasjon (NSO). 769 respondentar har svart på spørsmålet om partipreferanse.

Syskena Lamis (10), Shakib (13) og Leen (16) har sjølv kjend på kroppen korleis det er å flykte frå krig og elende. Foto av Erna Solberg (H): Torbjørn Kjosvold, Forsvaret / Statsministerens kontor på Flickr/ CC BY-NC 2.0. Foto av Lamis, Shakib og Leen: Janne Nerheim. Kollasj: Framtida.no