– Dette er eit godt forslag. 17-åringar som består teoriprøven og førarprøven, bør kunne køyre bil åleine.
Det seier leiar i Framstegspartiet Ungdom, Andreas Brännström, til VG.
16-åringar på lett motorsykkel
Tysdag la programkomiteen i Frp fram sitt forslag til partiprogram. Å la 17-åringar ta førarkort for bil er eitt av forslaga.
Brännström viser til at 16-åringar i dag kan ta sertifikatet for lett motorsykkel.
– Då kan ein køyre på to hjul i over 100 km/t. Det er langt større risiko og mykje farlegare å køyre motorsykkel, samanlikna med bil, seier han til avisa.

TØI vil auka aldersgrensa
Forslaget møter motstand frå mellom anna Transportøkonomisk institutt (TØI).
– Vi ønskjer heller at aldersgrensa skal aukast. All forsking viser at hjernen først er ferdig utvikla i 25-årsalderen, sier Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk til VG.
Kor gamal bør ein vere for å ta førarkort for bil?
Kor gamal bør ein vere for å ta førarkort for bil?
