Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 04.01.2021 15:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje nokon gong tidlegare i dei siste hundre åra, har unge folk vore meir misnøgde med demokratiet enn no. 

Særleg i Europa, Nord-Amerika, Afrika og Australia, viser ein ny rapport frå University of Cambridge.

I rapporten er demokrati-haldningane til generasjon X, millennials, baby boomers og mellomkrigsgenerasjonen samanlikna.

Skuffa over demokratiet

Rapporten er basert på resultat frå store globale datasett som omhandlar kor tilfreds ein er med demokratiet, over dei siste tretti åra. Her er data frå over 4,8 millionar respondentar, samla i 160 land mellom 1973 og 2020.

Det har gjort det mogleg å samanlikna yngre og eldre sine haldningar i dag, men også korleis dei ulike generasjonane har tenkt om demokratiet på same tidspunkt i livet.

– Over heile verda er dei yngre generasjonane ikkje berre meir skuffa over korleis demokratiet fungerer, samanlikna med dei eldre, men også meir misnøgde enn tidlegare generasjonar i liknande livssituasjonar, står det mellom anna i studien.

Er du nøgd med demokratiet i Noreg?

Er du nøgd med demokratiet i Noreg?

Ja, sjølvsagt!26
Nei, det funkar ikkje62
Veit ikkje11
Svar totalt: 99

 

Betre i Noreg

Grafisk framstilling frå rapporten. Her ser ein samanlikninga over generasjonskløfta i kor nøgde dei ulike generasjonane har vore på same stadium i livet. Omlag like mange land har auke i kor nøgde generasjonane er med demokratiet, som land med nedgang.

Det er heldigvis ikkje like ille i alle land og regionar.

Sjølv om det er område der yngre generasjonar er meir kritiske til demokratiet enn foreldra og besteforeldra var på same alder, er det også land der millennials ser ut til å vera meir nøgde enn dei eldre generasjonane var.

Til dømes er det slik i Noreg, Tyskland, mykje av Nord-Europa, Sør-Korea og Nord-Asia, og tidlegare kommunist-statar i Sovjet i Sentral- og Aust-Europa.

Berre 3 av 10 meir nøgde enn besteforeldra

I dei store demokratiske landa, som USA, Brasil, Mexico, Sør-Afrika, Frankrike og England, ser ein likevel ein nedgang mellom generasjonane.

Av dei 2,3 milliardar menneska som er representerte i datamaterialet, bur sju av ti i land med ein nedgang i kor tilfreds ein er med demokratiet frå ein generasjon til neste.

Berre tre av ti bur i land der ein har blitt meir nøgde med demokratiet frå generasjon til generasjon.

Sosiale skilnadar

Over heile verda, med nokre få unntak, kjem genersajonskløfta i kor tilfreds ein er med demokratiet frå skilnadar i rikdom og løn.

Dette gjeld særleg i etablerte demokratiske land i Nord-Amerika, Storbritannia, Australia og Sør-Europa.

Rapporten peiker på skilnadar i økonomisk rikdom og bustadkjøp, og korleis dette direkte påverkar moglegheitene for yngre generasjonar.

Desse to grafane syner korleis unge mellom 18-34 år viser skilnadar i rikdom og korleis dagens unge og dei over 35 år, er nøgde eller ikkje med demokratiet.

Det er høgare leigekostnadar tidleg i livet, større vanskar med å samla opp sparepengar, høgare gjeld, mindre sjanse til å eige sin eigen heim, større utfordringar med å starta ein familie og at ein er meir avhengige av hjelp frå foreldre og slekt.

Ifølgje rapporten fører større skilnadar også til at sjansane til å lukkast i mindre grad kjem av hardt arbeid, men meir av arva rikdom og privilegium.

– I USA utgjer til dømes millennials nesten ein fjerdedel av befolkinga, men berre tre prosent av rikdomen. Baby boomers hadde 21 prosent av rikdomen då dei var på same alder, står det mellom anna i rapporten.

Korrupsjon og kamp mot systemet

I framveksande demokrati i Asia, Latin-Amerika og Afrika sør for Sahara slit ein framleis med korrupsjon, svak stat og lovløyse, ifølgje rapporten. Dei eldre generasjonane levde gjennom kampen for demokrati på 70-90-talet, og ser framleis på demokratiet som positivt og deltek gjerne sjølv i politikken.

Dei yngre har på si side vakse opp med manglane i demokratiet og baksida av medaljen, noko som skapar ei generasjonskløft i kor tilfreds ein er med demokratiet.

Særleg tydeleg er dette i land som har avslørt stor korrupsjon, der yngre velgjarar har blitt trekt mot kandidatar som kjempar mot det etablerte, politiske systemet.

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

Foto: Erna Solberg (regjeringen.no), Steinar Sagen (Foto: Eirik Helland Urke/Wikipedia), Kyrre “Kygo” Gørrvell-Dahll (Jordan Strauss/Invision/AP) Ingrid Alexandra (Lise Åserud / NTB scanpix POOL).