Noreg bruker meir på språk enn på vegar og forsvar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2018 brukte stat, fylke og kommunar om lag 95,9 milliardar til tiltak som alle hadde noko å seie for utvikling og bruk av norsk skriftkultur, ifølgje Språkfakta 2020.

Då er ingen private midlar rekna med, heller ikkje urfolksspråk og historiske minoritetsspråk, og ikkje offentlege investeringar, så skriftkultur i Noreg er endå større enn dette.

Same året gjekk 35,4 milliardar til vegbygging og 54,9 milliardar til forsvar. Samla utgifter til vegar og forsvar var altså mindre enn utgiftene til skriftkultur.

Mest til skule og utdanning

Ottar Grepstad, som har gitt ut Språkfakta 2020 har kome fram til at 75 prosent gjekk til tiltak på bokmål, 12 prosent tiltak på nynorsk og 13 prosent var språkblanda tiltak.

Dette er dei tre største skriftkulturpostane:

  • Norskopplæring i grunnskule og vidaregåande skule: 23,6 milliardar
  • Høgare utdanning i norsk og til forsking: 16,7 milliardar
  • Tilbod på norsk i barnehagane: truleg 10,7 milliardar

Ottar Grepstad er aktuell med Språkfakta 2020. Foto: Sara Berntsen, Samlaget

Kommunar og fylkeskommunar vel 52 prosent av utgiftene til å halde oppe og utvikle vidare norsk skriftkultur. Mykje av dette kom gjennom overføringar frå staten til kommunane.

– Denne systematiske utviklinga av norsk skriftkultur er med og forklarer kvifor dei to norske språka internasjonalt går for å vere mellom dei hundre mest vitale skriftspråka i verda, seier Ottar Grepstad i ei pressemelding.

LES OGSÅ: «To jamstilte skriftspråk, men berre i teorien!»

Nesten like mange bruker nynorsk i 2020 som i 1950

Grepstad er oppteken av å forklare korleis Noreg med 0,07 promille av innbyggjarane i
verda blei staten med to av dei hundre mest vitale språka i verda.

Mest av alt handlar det om eit samspel over tid mellom folkevalde, folkelege rørsler og ei sterk offentleg forvaltning, meiner han.

I 1950 skreiv om lag 2,1 millionar nordmenn i skulepliktig alder eller eldre bokmål
privat. I 2020 er bokmål førstespråket for vel 4,4 millionar som er 6 år eller eldre. I det same tidsrommet gjekk nynorskbrukarane frå å utgjere 700.000 til no å vere ein stad mellom 548.000 og 638.000.

– Etter alt av sentralisering, demografiske endringar og skiftande status for det å
bruke nynorsk er nynorskbrukarane framleis merkverdig mange, seier Grepstad.

LES OGSÅ: Andrea (17) får målpris for å kjempe for nynorske lærebøker: – Trudde det skulle vere likestilt på skulen

Andrea Hebnes Tobekk fekk Rogaland Mållags Målpris 2019. Foto: Privat

Språkfakta 2020

  • Trykt bok på 730 sider og e-bok på 1777 sider med stoff frå over 10 000 kjelder
  • Den einaste oppdaterte og samla dokumentasjonen av språk i Noreg
  • Forklarer kvifor nynorsk og bokmål er mellom dei hundre mest vitale språka i verda
  • Fyldig engelsk samandrag med stoff som til no berre har vore tilgjengeleg på norsk
  • Utgitt med støtte frå Kulturdepartementet.
  • Eit eksklusivt samarbeid med forskingsinstitusjonen SIL International i Dallas har gjort det mogleg å vise internasjonale utviklingstrekk og kople desse til språksituasjonen i Noreg.