Vestland krev lærebøker på nynorsk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sp, A, FNB, Frp, H, MDG, SV og R foreslo fråsegna, som vart samrøystes vedteken. Fråsegna blir sendt til forlag og andre produsentar av læremiddel, skriv fylkeskommunen.

Fråsegna viser til innføring av fagfornyinga frå skuleåret 2020/21 om produksjon av nye lærebøker og andre læremiddel. I opplæringslova står det at grunnskulen og vidaregåande opplæring, med nokre få unntak, berre kan bruke lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på begge målformer til same tid og til same pris.

Nokre vidaregåande skolar melder i haust om at det har vore problematisk å få tak i lærebøker på nynorsk. Hafstad vidaregåande skule er eitt døme. Dei manglar naturfagbøker på nynorsk.

Sterkt uroa

Hovudutval for opplæring og kompetanse er sterkt uroa over at nynorskelevar ikkje får læremiddel på eiga målform.

Ved innføringa av den nye læreplanen er situasjonen igjen at nynorskelevar opplever at lærebøker på nynorsk ikkje ligge føre til same tid som bokmålsutgåver. Dette er noko hovudutval for opplæring og kompetanse ikkje kan godta, skriv Vestland fylkeskommune.

Andrea Hebnes Tobekk fekk Rogaland Mållags Målpris 2019. Foto: Privat