No kan du vere med å bestemme kva den nye smitteappen skal heite

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gun Peggy Knudsen er assisterande direktør i Folkehelseinstituttet. Foto: Folkehelseinstituttet

Dei tre alternativa er Smittestopp, Smittespor og Smittevarsel, skriv FHI i ei pressemelding.

– Vi fekk over 100 forslag til namn på den nye appen då vi gjekk ut på Twitter for halvanna veke side, alt frå Smittestopp 2.0, Smittespor til CovidBlaster 5000 og Bentomatic. Vi har nominert forslaga vi meiner er best, men ønskjer hjelp til å ta den endelege avgjerda, seier assisterande direktør Gun Peggy Knudsen i Folkehelseinstituttet.

Folk som ønskjer å stemme, kan gå inn på Folkehelseinstituttets avstemmingsside.

Vinnarnamnet vil bli offentleggjort måndag 19. oktober.

Kva meiner du den nye smitteappen bør heite?

Kva meiner du den nye smitteappen bør heite?

Smittestopp5
Smittespor42
Smittevarsel5
Smittestopp 2.00
CovidBlaster 500014
Bentomatic1
KoronApp3
Ingen av desse7
Svar totalt: 77

 

Skrota førre Smittestopp

I slutten av september vart Smittestopp-appen skrota av regjeringa. Appen vart stansa av Datatilsynet som meinte at nytteverdien ikkje var godt nok dokumentert og la ned forbod mot å behandle personvernopplysningar i appen.

Regjeringa ønskjer å lage ein ny app basert på Apple og Googles rammeverk. Datatilsynet har gitt tommel opp for arbeidet med den nye appen.

Dei store teknologiselskapa haustar data om oss i store mengder. Men det er blitt enklare å sjå dei i korta. Foto: Eirik Tangeraas Lygre