Forskarar vil fange koronavirus med statisk elektrisitet i munnbind

Svenske forskarar utviklar eit munnbind som skal stoppa viruspartiklar ved hjelp av statisk elektrisitet. Munnbinda blir lada av pusten til brukaren.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje forskarane kan statisk elektrisitet bidra til å stoppe viruspartiklar på ein langt meir effektiv måte enn dagens munnbind.

– Munnbindet vårt, som baserer seg på cellulose-stoff med triboelektriske eigenskapar, gjer det lettare å puste enn med dagens munnbind, seier Christina Dahlström, som er prosjektleiar for arbeidet ved Mittuniversitetet.

Saman med forskarar frå universitetet i Uppsala har dei fått statleg støtte til ein halvårig pilotstudie. Prosjektet er førebels i ein tidleg testfase.

– På lang sikt vil bruken av fornybar cellulose i staden for fossilbasert materiale vere veldig heldig med tanke på nasjonal sjølvforsyning og avfallshandtering, seier Dahlström.


Illustrasjonsfoto av munnbind, Visuals/Unsplash