Endeleg kjenner Andrea seg trygg i Oslo

Camilla Brugrand
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Endeleg kjenner Andrea seg trygg

Voldum måtte avbryta studieplanane sine i Oslo fordi ho var redd for å møta på dei tre mennene som i sommar vart frikjend for gruppevaldtekt. Hendinga skjedde då jenta var 18 år og på familietur til Hemsedal i 2014. Ho har også fått påvist posttraumatisk stress i etterkant av hendinga. 

– Eg kjende meg endeleg trygg til å reisa til Oslo saman med familien no når eg ser all støtta som eg har, seier Andrea Voll Voldum til Framtida.no.

Overveldane respons
Politikarar og representantar frå kvinneorganisasjonar heldt måndag ettermiddag appellar utanfor Stortinget etter at Andrea Voll Voldum førre veke valde å dela si valdtektshistorie.

– Takk Andrea for at du er så modig og for at du sa i frå. I dag tek me tak i den frustrasjonen og syner handling i fellesskapen. Denne fellesskapen gir styrke i kvardagen og kvinnekampen. Folk har teke til gatene for å gi ein klar og tydeleg beskjed om at me krev rettstryggleik for kvinner, sa Seher Aydar, styremedlem i Kvinnefronten under demonstrasjonen.

Tysdag førre veke la Voldum ut namna på dei tre mennene som vart frikjent for gruppevaldtekt i lagmannsretten tidlegare i sommar.

Tidlegare har dei tre mennene blitt dømt i Hallingdal tingrett for valdtekt etter at dei gav den då 18 år gamle Voldum ein dødelege mengde av det narkotiske stoffet MDMA medan jenta var på familieferie i Hemsedal i 2014.

LES OGSÅ: Éi av ti fulle jenter på 15 år har blitt utnytta seksuelt

Andrea Voll Voldum í Oslo utanfor Stortinget saman med mora Wenche Voll på demonstrasjonen for rettstryggleik for kvinner. Foto: Camilla Brugrand, Framtida.no

Demonstrasjonar ti stader
Måndag var det demonstrasjonar ti stader i heile Noreg der tema var rettstryggleiken for kvinner. Folkeopprøret kjem i kjølevatnet av valdtektshistoria til Voldum som har blitt hylla som ein viktig «varslar» og eit «førebilete» for mange kvinner på sosiale medium dei siste dagane.

– Hemsedalssaken var siste dråpen i eit beger som allereie var fylt. Spreiinga av namna til mennene i denne saka ein direkte resultat av kollapsen i tillit til rettsstaten. Dette var ein kvinnediskriminerande dom. Dette er eit gedigent samfunnsproblem og eit av våre største folkehelseproblem. Kvinnefronten krev at det vert oppretta tiltak for å sikra rettstryggleiken til kvinner, sa Tina Skotnes, medlem av arbeidsutvalet til Kvinnefronten.

På Stord møtte kring 70 menneske opp i demonstrasjonen for rettstryggleik for kvinner. I Oslo, Tromsø, Bergen, Trondheim, Stavanger, Lærdalsøyri, Hemsedal, Horten og Haugesund var det òg markeringar. Foto: Svein Olav B. Langåker

LES OGSÅ: Krev nasjonal dugnad mot valdtekt

– Overveldande respons
– Eg hadde aldri trudd at saka mi ville få den merksemda som ho har fått, seier Voldum etter at appellane er over utanfor Stortinget i Oslo.

Voldum hadde med seg familien til Oslo for å delta på den enorme demonstrasjonen der politikarar frå fleire parti og leiarar frå kvinneorganisasjonar haldt appellar for å styrkje rettstryggleiken til kvinner.

– Det er overveldande og heilt uverkeleg å sjå alle menneska som har møtt opp, seier Voldum til Framtida.no, medan person etter person kjem bort for å gi ho ein klem og utrykka støtte og hyllest til den unge jenta.

Dei siste to åra har vore tøffe for Voldum. Ho har vore gjennom tre rettsakar der den siste enda med at tre av meddommarane fekk dei tre mennene i 30-åra for frikjend for valdtekt. Dei tre fagdommarane og ein av meddommarane meinte mennene var skuldige. Det må likevel eit fleirtal på fem dommarar til for å få dei tiltalte dømd.

LES OGSÅ: – Må få informasjon om kva som er valdtekt

Fleire tusen møtte opp på demonstrasjonane ti ulike stader. Flest møtte opp i Oslo utanfor Stortinget. Foto: Camilla Brugrand