AUF-leiar Astrid Willa Hoem reagerer på Unge Høgre sin bodskap midt i ein pandemi der dei som er litt sjuke blir bedd om å halde seg heime.
mm
AUF-leiar Astrid Willa Hoem reagerte på Facebook-annonsa frå Unge Høgre. Foto: Bent Sønvisen, Ap

– Meiner Unge Høgre at det å vere ung og ledig eller sjukemeldt er det same som berre å chilla? spør AUF-leiar Astrid Willa Hoem i FriFagbevegelse.

Ho la i går ut ein Instagram Story der ho kritiserte Unge Høgre for Facebook-posten, som vart lagt ut søndag og sletta etter 5 minutt.

Hoem reagerer kraftig på det ho meiner er å framstilla ungdom som er borte frå jobb eller skule som late.

– At Unge Høgre attpåtil gjer det midt i ein pandemi kor dei som ikkje føler seg heilt frisk blir bedd om å halde seg heime, er jo også litt spesielt, seier Hoem til FriFagbevegelse.

Vil redusera sjukelønna

I dag får norske arbeidarar full lønnsutbetaling allereie frå første sjukedag, noko som utgjer ein stor utgiftspost for staten. Regjeringa har sett av 39,6 milliardar kroner til sjukepengar på budsjettet for 2021, noko som er 250 millionar mindre enn 2020.

Andre nestleiar i Unge Høgre, Håkon Snortheim, beklagar Facebook-innlegget. Foto: Unge Høgre

For å kutta kostnadane og sjukefråveret har Unge Høgre gått inn for at sjukeløna skal setjast til 80 prosent allereie frå første sjukedag. Her er dei på bølgjelengd med dei andre borgarlege ungdomspartia.

Ungdomspartiet er oppteken av at regjeringa skal kutta forbruket, for å sikra ein meir bere kraftig velferdsstat. Dei tek likevel sjølvkritikk på korleis bodskapen vart framført på Facebook.

– Biletet tek merksemda vekk frå det politiske vedtaket. Me beklagar og legg oss flate, seier andre nestleiar Håkon Snortheim til FriFagbevegelse.

Han peikar likevel på at Noreg i dag har verdas beste sjukelønnsordning og meiner det er eit tankekors at fråveret skyt i veret 18. mai og dagen etter Champions League-finalen.


Thomas Harald Strand (25) synest framleis det er for tidleg for ungdom på 16 år å velja kva dei vil bli, men har landa på at kokkeyrket er eit godt alternativ. Foto: Privat
Oppdatert: torsdag 8. oktober 2020 13.07
ANNONSE