Arbeidsledige og uføre er minst fornøgde med livet
Nordmenn som er arbeidsledige og uføre, opplever å ha dårlegast livskvalitet. Pensjonistar og folk i jobb er mest tilfreds med livet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nordmenn som tener mest, er mest fornøgde med livet.
For første gong er det gjort ein nasjonal livskvalitetsundersøking der befolkninga har svart på korleis vi har det.
- Les også: 16- og 70-åringar er lykkelegast
Yrkesaktiv, student, pensjonist, ufør og arbeidsledig
SSB har undersøkt gruppene yrkesaktiv, student, pensjonist, ufør eller arbeidsledig.
− Eit viktig funn i rapporten er at livskvaliteten til folk varierer etter livssituasjon. Personar som er arbeidsledige eller uføre, og personar med helseutfordringar, er døme på grupper som er overrepresentert blant dei som svarer at dei er mindre tilfredse med livet, seier medforfattar og seniorrådgivar Elisabeth Rønning i Statistisk sentralbyrå.
26 prosent av befolkninga oppgir at dei har høg tilfredsheit med livet. Medan 22 prosent svarer at dei er lite tilfreds.
Dei som er skårar lågast og er minst fornøgde med ei rekkje ting i livet, er arbeidsledige, dei med låg inntekt, personar med nedsett funksjon eller psykiske plager og også dei med ikkje-heteroseksuell identitet.