Lågaste renta i Lånekassens historie
Lånekassen kuttar den flytande renta med 0,148 prosentpoeng frå 1. november. Dermed blir renta den lågaste i Lånekassens historie.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lånekassen held fram med å setje ned den flytande renta.
Den nye flytande Lånekassen-renta blir på 1,391 prosent frå 1. november.
Per i dag har 645.000 av Lånekasse-kundane flytande rente, medan 43.000 kundar har fast rente.
Dei neste fastrentene blir offentleggjorde før 10. oktober.
Rentene i Lånekassen er fastsett på grunnlag av gjennomsnittet av dei fem beste bustadlånstilboda i marknaden.
Frå dette blir det trekt 0,15 prosentpoeng, som gir renta til Lånekassen.