Elevorganisasjonen meiner statsbudsjettet aukar skilnadane i skulen
I framlegget til statsbudsjett for 2021 blir stipendet for elevar som vil forbetre karakterane sine ved privatisteksamen fjerna. Det får elevorganisasjonen til å reagere.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi ser allereie at du stiller sterkare for gode karakterar om du kjem frå ein ressurssterk heim, og med regjeringa sitt forslag vil elevane frå ressurssvake heimar stille endå svakare når dei ikkje har moglegheit til å forbetre karakterane sine. Då kan vi sjå at «elitestudiane» kjem til å få ei overvekt av elevar frå ressurssterke heimar, seier Kristin Schultz, leiar av Elevorganisasjonen.
Dei reagerer slik på nyheita på Twitter:
Regjeringen fjerner stipendet for de som vil ta forbedringseksamen. Det vil kun gjøre det vanskeligere for elever med allerede dårlige forutsetninger, å komme seg inn på drømmestudiet sitt. Kom igjen a, @gurimelby @Kunnskapsdep
— Elevorganisasjonen (@Elevorg) October 7, 2020
Positiv til auka satsing på gjennomføring
Organisasjonen er derimot positiv til at regjeringa foreslår å auke satsinga på gjennomføring av vidaregåande opplæring som følgje av koronakrisa.
Organisasjonen forventar no at denne satsinga held fram etter pandemien.
– Sjølv om vi er glade for desse satsingane, er det viktig for oss at dette er starten på ei reform i vidaregåande opplæring, og ikkje berre koronatiltak. Til våren skal Stortinget behandle ei stortingsmelding om fråfall i vidaregåande opplæring, og då er det viktig at vi ser tiltak som blir presentert her, i resten av opplæringa også, seier Schultz.
Les også: Norsk studentorganisasjon vil ha fleire studentbustadar og høgare studiestøtte