«Når begynte dei å henge saman? F*en, livet ditt syg i forhold til deira»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg laga meg ein profil på instagram våren 2015, og posta min fyrste kleine, overredigerte selfie kort tid etter. Om du no tenkte at du skulle sjekke ut kva eg snakkar om, ligg den no i arkivet, slik ingen andre enn meg kan sjå selfien. Det er for ditt eige beste.

Sidan då har eg blitt meir og meir aktiv på Insta, eller avhengig, alt ettersom korleis ein tolkar det. Talet timar eg brukar på denne appen i løpet av ei veke (ja, eg sjekka det no), var litt for høgt til at eg ønskjer å dele det.

Godt utgangspunkt

Instagram er i utgangspunktet noko fint. Det er ei plattform for å dele bilete, vere kreativ, og halde kontakt med vennar.

Eg likar godt å bli oppdatert på kva som skjer i livet til vennar eg ikkje ser så ofte, gjennom appen. Om dei legg ut noko på storyen sin, eller i feeden, så kan eg reagere, like, eller kommentere. På den måten kan vi halde kontakta mellom gongane vi møtast, utan at vi nødvendigvis treng å ha ein lang samtale, noko eg trur passar bra for mange i dagens hektiske samfunn.

Som mykje anna her i verda så kan det som i utgangspunktet er noko fint, ha mindre fine konsekvensar.

Kroppspress og FOMO

Du opnar Insta, scrollar nedover, og så slår det deg. PANG! FOMO (Fear Of Missing Out)!

Er dei der? Kvifor er ikkje du der? Kanskje du burde spørje nokon andre om dei vil til den nye, kule plassen som er heilt sjukt instafriendly? Kvifor er dei på den festen? Når begynte dei å henge saman? Kvifor heng ikkje du meir med dei? F*en, livet ditt syg i forhold til deira.

Kvifor er dei på den festen? Når begynte dei å henge saman?

Sjølv om du har konkludert med at livet ditt syg, så fortset du å scrolle. PANG! Kroppspress!

Ingen har rynker, cellulittar, fett, strekkmerke, rullar på magen, eller ein einaste skavank av noko slag. Alle har også lange vipper, perfekte bryn og fyldige lepper.

Kvifor har du rynker i panna i ein alder av 21 når ingen andre har det? Burde du gå ned i vekt? Ingen andre har jo ein slik kropp når ein er så ung. Korleis får ein så stor rumpe? Kvifor ser ikkje rumpa di slik ut? Og leppene? Nasa? Augevippene? Burde håret mitt vere tjukkare, lengre, meir «shiney»? F*ck it, du er stygg i forhold til alle andre.

Sexy halloween-kostyme

Livet ditt syg, og du er stygg, men du fortset å scrolle. PANG! Seksualisering!

Du innser at alle har bilete av seg sjølv i bikini, sexy halloween-kostyme, eller kjolar som så vidt dekker puppane og rumpa. Det burde jo du også ha på feeden din? Det er jo utruleg viktig at verda synast at du er deilig. Men sidan livet ditt syg, og du er stygg, så blir det vanskeleg å overbevise nokon om at du er deilig.

Sidan livet ditt syg, og du er stygg, så blir det vanskeleg å overbevise nokon

Slik kan det fort gå oppe i hovudet om ein forsvinn på Instagram; ein blir sin eigen verste fiende.

Stalking av eksen

I tillegg til FOMO, kroppspress og seksualisering, så har Insta vore med på å lage problem der det tidlegare ikkje var noko.

Kor mange har på ein eller annan måte enda opp med å stalke den ein likar/held på med/kjærasten/eksen, for så å finne ut ting ein helst ikkje ville vite, og som ein no ikkje får ut av hovudet?

For eksempel at han du haldt på med som ikkje var klar for noko seriøst, no har fått seg sambuar? Eller at eksen til kjærasten din framleis likar alle bileta hans? Og det at denne jenta likte alle bileta hans, var hovudårsaka til at du fann ut at ho var eksen til kjærasten din?

Ei kjelde til usikkerheit

Om ein ikkje er bevisst på kven ein følgjer, kva dei vel å legge ut, og korleis ein sjølv bruker Instagram, er det ei kjelde til usikkerheit.

Med nokre få unntak, så legg dei fleste berre ut det som er bra med livet sitt på Insta; kule stader, fine feriar, og gode vinklar. Vi ser ikkje alle bileta dei måtte ta for å få det eine fine biletet, eller alle gongane dei gjer kjedelege kvardagsting som ikkje ser bra ut, eller er kult.

Instagram har truleg mykje av skulda til at vi, den yngre generasjon, er så kroppsfikserte og materialistiske som vi er.

Det hjelper ikkje på å få ned forbruket når til dømes HeyHarpershop dukkar opp så ofte i feeden min at hjernen min tenkjer det er ein god plass å bruke matbudsjettet mitt på.

Det er jo kjempelurt å putte annonser for korleis ein kan kle seg kulare, på ein stad som får deg til å føle deg som ein drit. Om ein har mange nok følgjarar får ein sjølv tilbod om å bli ein ambassadør for dårleg sjølvkjensle for forskjellige kjeder og merker, slik at ein kan vere med på å få folk til å tenkje «om eg også hadde hatt dei buksene, hadde eg ikkje vore så drit som eg er no».

Korleis bli meir bevisst

Eksempla ovanfor kunne ha vore utdrag frå mitt eige hovud for nokre år sida, eller om eg skal vere ærleg så kan det vere det no på ein skikkeleg dårleg dag. Men! Eg starta å unfollowe folk, klesmerke, modellar, og andre sider som gjorde at eg vart usikker på min eigen verdi, og bytta dei ut med folk og sider som gjer meg vel.

No følgjer eg sider eg lærer nye ting av, sider som får meg til å le, ulike kunstnarar og fotografar, kroppspositivistar og ikkje minst gode vennar frå forskjellige stader i verda som eg ønskjer å halde kontakt med.

Likes og følgjarar prøvar eg å ikkje bry meg så mykje om. Sjølv om det kan vere vanskeleg, prøvar eg derfor å tenke at det eg legg ut er for min eigen del, at det er eit knippe gode minner samla på ein stad, som eg blir glad av å sjå igjennom. Men også for at mine vennar kan sjå kva eg gjer, og ofte ikkje, med livet mitt.

Gratulerer så mykje med dagen Instagram! Du har fått meg til å føle meg både heilt j*vlig og sjukt bra.

På grunn av min FOMO kjem eg nok ikkje til å slette deg frå livet mitt heilt endå, sjølv om eg ofte tenkjer at eg hadde hatt det betre utan deg. Håpar du får ein heilt ok dag, og at du blir betre i framtida.

Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips @ framtida.no


Chrissy Teigen si openheit om å mista eit barn, Jennifer Aniston sin Friends-reunion, Lizzo og andre kroppspositivistar, rekordegget, #BlackOutTuesday og andre rørsler, Chadwick Boseman og andre dødsfall og det første biletet som vart publisert. Foto: Instagram