10 Instagram-bilete som gjorde varig inntrykk – på godt og vondt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. Gatehunden som lanserte Instagram

Dyreinnhald er populært på sosiale medium. Difor er det passande at det første biletet som vart lasta opp på Instagram var av ein hund.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

test

Et innlegg delt av Kevin Systrom (@kevin)

Biletet er teke av Kevin Systrom, som er ein av grunnleggjarane av biletdelingstenesta.

– Hadde eg visst at dette skulle verte det første biletet på Instagram, hadde eg prøvd litt hardare, skal Systrom ha sagt til The Daily Telegraph.

Biletet av gatehunden frå Mexico er datert 16. juli 2010 og har nesten 190.000 likarklikk til dags dato.

 2. Instagram-egget

Popularitet og likarklikk på Instagram er som kjent alt, men kva kjem først: høna eller egget?

I januar 2019 la reklamemannen Chris Godfrey ut ein post der han oppmoda følgjarane sine til å knusa Kylie Jenner sin Instagram-rekord på likarklikk, og det gjekk!

Dette egget har nesten 55 millionar likarklikk, som er ein god del meir enn Kylie Jenner sitt babybilete av Stormi Webster, som berre har 18,5 millionar.

(Så skal det seiast at egget berre har skarve 5,9 millionar følgjarar, medan Kylie har 197 millionar. Ho kan også skryte på seg å ha posta heile åtte av dei 20 mest likte bileta på Instagram.)

 

Se dette innlegget på Instagram

 

stormi webster ??

Et innlegg delt av Kylie ? (@kyliejenner)

3. Oscar selfie

Denne selfien frå Oscar-utdelinga i 2014 er faktisk på TIME Magazine si liste over dei 100 mest innflytingsrike bileta gjennom tidene!

 

Se dette innlegget på Instagram

 

If only Bradley’s arm was longer. Best photo ever. #oscars

Et innlegg delt av Ellen DeGeneres (@theellenshow)

Skodespelar Bradley Cooper står som fotograf på selfien som programleiar Ellen DeGeneres initierte. Biletet vart først publisert på Twitter, men kom seg sjølvsagt også på Instagram.

3. Beyoncé si babyannonsering

Instagram er den perfekte plattform for image-bygging og iscenesetting, noko få gjer betre enn Queen B.

Beyoncé si offentleggjering av at ho ventar tvillingar var fotografert av Awol Erizku og vart det mest likte biletet i 2017.

5. Friends-reunion

Då Jennifer Aniston skulle gjere sin Instagram-debut, gjorde ho det med eit smell. Ho fekk med seg stjernene frå Friends i eit lite reunion-bilete.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

And now we’re Instagram FRIENDS too. HI INSTAGRAM ??

Et innlegg delt av Jennifer Aniston (@jenniferaniston)

Aniston tok også rekorden med å raskast få éin million følgjarar, noko som skjedde på kun fem timar og 16 minutt.

I september tok Sir David Attenborough over rekorden, på under fem timar.

6. David Attenborough

94 år gamle Sir David Attenborough fortener ein plass på lista fordi han med sin sterke debut beviser at mediumet ikkje berre er for dei yngre, men òg fordi han nyttar sin posisjon til å løfta klimakrisa.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

David Attenborough has spent a lifetime travelling, exploring the wild places of our planet and documenting the living world in all its variety and wonder. He’s also witnessed the damaged caused. Saving our planet is now a communications challenge. We know what to do, we just need the will. That’s why we want to share this message on Instagram. Because there is hope and together, we can inspire change. Social media isn’t David’s usual habitat so while he’s recorded messages solely for Instagram, like the one in this post, we’re helping to run this account. In case you’re wondering, ‘we’ are Jonnie and Colin and we worked with David on A Life On Our Planet. So, as well as sharing the messages he’s recorded especially for this account we’ll also post some exclusive clips and behind the scenes content. Stay tuned.

Et innlegg delt av A Life On Our Planet (@davidattenborough)

7. #BlackOutTuesday

Instagram har gått frå å vere ein ufarleg plattform for deling av feriebilete, delikate rettar og kjæledyr til å verte ein plattform for å dele politisk innhald.

Kampanjen #BlackOutTuesday fekk mykje kritikk for å vere ei lat form for aksjonisme, men engasjerte brukarar over heile verda farga plattformen svart i kampen mot politivald og rasisme i USA.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Side by side.

Et innlegg delt av champagnepapi (@champagnepapi)

Fleire kjendisar nytta også høve til å låna bort sine Instagram-kanalar med mangfoldige tusen følgjarar, til viktige, svarte stemmer. Kampanjen gjekk under emneknaggen #ShareTheMicNow.

7. Kroppspositivisme

Biletdelingstenesta får stadig tyn for korleis det påverkar sjølvbiletet vårt negativt, men Instagram har også gjort mykje for å utvida skjønnheitsideala våre.

Det finst eit utal av kroppspositivistar som deler lettkledde bilete og eit positivt bodskap om å elske deg sjølv slik du er. Her representert ved Lizzo, som omfamnar merkelappen som «roll model».

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Roll Model.

Et innlegg delt av Lizzo (@lizzobeeating)

 

8. Chrissy Teigen si openheit

Instagram er elska og hata for å framstille livet som ein dans på roser, difor er det desto viktigare at nokon vågar å vise skuggesida.

Modell og kokebokforfattar Chrissy Teigen har fått mykje ros og støtte etter at ho delte den vonde opplevinga av å miste eit ufødd barn.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

We are shocked and in the kind of deep pain you only hear about, the kind of pain we’ve never felt before. We were never able to stop the bleeding and give our baby the fluids he needed, despite bags and bags of blood transfusions. It just wasn’t enough. . . We never decide on our babies’ names until the last possible moment after they’re born, just before we leave the hospital. But we, for some reason, had started to call this little guy in my belly Jack. So he will always be Jack to us. Jack worked so hard to be a part of our little family, and he will be, forever. . . To our Jack – I’m so sorry that the first few moments of your life were met with so many complications, that we couldn’t give you the home you needed to survive. We will always love you. . . Thank you to everyone who has been sending us positive energy, thoughts and prayers. We feel all of your love and truly appreciate you. . . We are so grateful for the life we have, for our wonderful babies Luna and Miles, for all the amazing things we’ve been able to experience. But everyday can’t be full of sunshine. On this darkest of days, we will grieve, we will cry our eyes out. But we will hug and love each other harder and get through it.

Et innlegg delt av chrissy teigen (@chrissyteigen)

9. Chadwick Boseman, Kobe Bryant og XXXTentacion

Store stjerner døyr også, og Instagram har vorte ein del av sørgeprosessen.

Då Chadwick Boseman døydde av kreft var biletet av han med beskjeden blant dei mest likte og delte på både Twitter og Instagram.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

It is with immeasurable grief that we confirm the passing of Chadwick Boseman.⁣ ⁣ Chadwick was diagnosed with stage III colon cancer in 2016, and battled with it these last 4 years as it progressed to stage IV. ⁣ ⁣ A true fighter, Chadwick persevered through it all, and brought you many of the films you have come to love so much. From Marshall to Da 5 Bloods, August Wilson’s Ma Rainey’s Black Bottom and several more, all were filmed during and between countless surgeries and chemotherapy. ⁣ ⁣ It was the honor of his career to bring King T’Challa to life in Black Panther. ⁣ ⁣ He died in his home, with his wife and family by his side. ⁣ ⁣ The family thanks you for your love and prayers, and asks that you continue to respect their privacy during this difficult time. ⁣ ⁣ Photo Credit: @samjonespictures

Et innlegg delt av Chadwick Boseman (@chadwickboseman)

Også det siste biletet av basketspelar Kobe Bryant og den første og siste oppdateringar frå den kontroversielle rapparen XXXTentacion fekk massiv respons etter dei døydde.

10. 10 year challenge

Kjendisar og vanlege folk over heile verda delte brått gamle bilete av seg sjølv, saman med eit nytt og utfordringa fekk sitt store utspel på Instagram.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Hadde faktisk trodd forskjellen skulle vært større? #10yearschallenge

Et innlegg delt av Helene Olafsen (@heleneolafsen)

 

Fleire kritiserte utfordringa i etterkant, fordi den var med på å gi algoritmane mykje ekstra informasjon, som kunne vere uheldig.

Åra med sosiale medium har elles gitt oss mange ulike utfordringar: planking, Harlem Shake, Ice Bucket challenge, Bottle cap, Kanel-utfordringa, Mannequin-utfordringa, Until Tomorrow Challenge. Kva vert det neste?

Les også: Kroppspositivistane forklarar: Kva er #kroppspositivisme, og kvifor treng vi det?

Frå venstre:Wilde Siem (@Happykropp), Carina Carlsen (@Fetmenfattet), Sonja Iren Ebbesen Johnsen (@sonja.iren) og Nastaran Marie Kowkabi (@Nastaranmarie) er alle profilerte kroppspositivistar. Foto: Instagram