Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Instagram skjular likarklikk – kjendisar reagerer

Songar og låtskrivar Nicki Minaj er ikkje nøgd med den nye oppdateringa til Instagram, og meldte på Twitter at:

«Eg kjem ikkje til å legge ut innlegg på IG etter denne veka, fordi dei fjernar likes. Hmmm, kva skal eg byrja med no? Tenk på all den tida eg vil ha i mitt nye liv.» 

Det blir kanskje ikkje dei 107 millionar følgjarane hennar glade for.

Vil gjera Instagram mindre konkurranseprega

Twitter-meldinga kjem etter at Instagram-sjef Adam Mossieri fortalde at det sosiale mediet vil skjula likarklikk på utvalde kontoar i USA, under ein teknologikonferanse førre veke.

Formålet er å fjerne press om å få flest likarklikk.

– Fokuset er på unge folk og fjerna presset der. Gjera det mindre konkurranseprega og heller fokusera på å knytta band med folk ein er glad i og som inspirerer ein, sa Mossieri.

Endringa inneber at talet likarklikk, og kven som har trykt på hjartet, vert gøymt. Ein kan framleis både like andre sine innlegg, og sjå kven som har likt noko ein sjølv har lagt ut.

Slik ser det ut, når likarklikk er fjerna:

Instagram med skjulte likarklikk. Foto: Instagram

Kim Kardashian: – Bra for den mentale helsa

Kim Kardashian West. Foto: AP

Kim Kardashian West er kanskje dronninga av Instagram, med 151 millionar følgjarar. Det fører ikkje berre til likes, men er også ein stor årsak til at ho tener sine pengar som influencar.

Likevel meiner ho at det kan vera ein god ting å skjula likarklikka:

– Med tanke på mental helse, meiner eg at det vil vere veldig bra for folk om ein tek vekk likarklikka og det aspektet av det, sa ho under DealBook-konferansen førre veke, ifølgje CNBC.

I 2017 vart Instagram kåra til det verste sosiale medium-appen med tanke på mental helse, av the Royal Society for Public Health and the Young Health Movement.

I rapporten kjem det fram at appen hadde elendig påverknad på unge sitt kroppsbilete og søvn, og førte til FOMO (eng: fear of missing out). Instagram peika seg òg negativt ut når det gjaldt mobbing, angst, depresjon og einsemd.

Ikkje innført i Noreg

I første omgang vert det berre utvalde kontoar i USA som kjem til å få likarklikka skjult.  Instagram har tidlegare testa slike «private likarklikk» i land som Australia, Brasil, Canada, Irland, Italia, Japan, og New Zealand, ifølgje Wired.

Instagram er ikkje einaste bedrift som fjernar offentleg synlege «teikn på engasjement». Facebook (som eig Instagram), Twitter og YouTube har alle testa ut å fjerna slikt på sine plattformer.

Forskarar har også argumentert for at likarklikk kan føra til at ein tilpassar innhaldet sitt til det som gir mest respons, både positivt og negativt. Ifølgje Wired meiner dei at dette fører til ein radikalisert tone, som gjer det nesten umogleg med sunne, glade debattar.

Cardi B vil heller ha vekk kommentarane

Den amerikanske rappar Cardi B tok også til Instagram for å dela sine tankar. Ho meiner Instagram ikkje svarar på rett utfordring når dei no skjuler likarklikk. Ho meinar det viktigaste for å gjere Instagram-opplevinga betre vil vere å handtere kommentarane:

– Folk kommenterer stygt og ekstremt berre fordi dei vil ha ein reaksjon og masse svar på kommentaren slik at deira kommentar kjem øvst, seier ho i videoen.

Cardi B meiner tonen på Instagram vart verre når det gjekk an å like og svare på kommentarane til folk i kommentarfeltet. Ikkje frå starten, då det berre var likarklikk.

Eit lovforslag i USA ynskjer å avgrensa tidsbruken vår på sosiale medium. Her visar Stine Indreeide Kvalsvik (17) fram skjermtida på sin telefon. Foto: Ingvild Eide Leirfall