I dag, 20. mars, er den internasjonale FN-dagen for glede. Her kjem Instagram-kontoane som kan lysa opp kvardagen!


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
1. @geoffreywalk
I desse koronatider er me nok mange som kan byrja kjenne på saknet etter å henga med bestemor eller bestefar. Ekteparet Pauline og Geoffrey Walker byr på seg sjølv, og kan gi deg litt besteforelder-kjærleik i feeden.
Se dette innlegget på Instagram
My olive green @chums_uk trousers arrived and a new dress for Pauline.
2. @acoustictrench
Altså. Akustisk musikk OG ein golden retriver med namned Maple. SOM SPELER TROMMER. Treng eg sei meir?
Se dette innlegget på Instagram
3. @baddiewinkle
91 år gamle Helen Ruth Elam lyser opp dagen med sin fargesprakande konto.
Se dette innlegget på Instagram
4. @fashiondads_
Me veit alle at fedrar har den beste klesstilen i verda. I denne feeden dukkar det opp jamlege påminningar om nettopp det, med den eine stilmedvitne pappaen etter den andre. Her er alt on fleek.

5. @maya_on_the_move
Den søtaste styggaste bulldogen på internett. Dronninga av kostymer. Kjenner du det nappar i smilebanda?
Se dette innlegget på Instagram
6. @miserable_men
Det er stygt å le av folk. Men. Det er kanskje lov å bli litt glad? Her er ei samling miserable menn, stort sett leie fordi dei er med på shopping.
Se dette innlegget på Instagram
7. @mouster.gustav
Lat oss presentera verdas søtaste Instagram-konto, Gustav Mousketeer er ei skikkeleg feinschmecker-mus:
8. @wilfredwarrior
Verdas mest skeptiske, misnøgde katt: Wilfred.
9. @wouldboop
Har du ikkje fått nok av søte, dumme dyr på internett? Her er ei samlingsside med masse, masse meir!
Se dette innlegget på Instagram
10.@larsmonsenirl
Vår alles villmarksmann Lars Monsen, i meme-format. Perfekt i karantenetid.
BONUS:
11. @ulrikkeofficial
MGP-vinnar og musikalartist, Ulrikke Brandstorp, har laga korona-musikal i fem deler.