«Det skal vera lov til å lykkast i Noreg»
Noreg jagar ut unge talent, og med dei forsvinn også den framtidige verdiskapinga vår, skriv Hanne Frøyland.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I NRK kan ein lesa om forskingsprofessor Haakon Bryhni, som åtvarar studentane sine mot å etablera IT-bedrifter i Noreg. Dette grunngir han særleg med at formuesskatten hindrar nye bedrifters moglegheit for utvikling.
Det er forståeleg å tilrå dette, men alvorleg at ein som utdannar framtidas gründerar, må åtvara studentane sine om å flagga ut ideane sine frå Noreg, fordi ein ikkje har lov til å lykkast her. Varsellampene bør blinka for fullt når ein har ein skatt som skattlegg bedrifter før dei står på eigne bein og går med overskot.
Så lenge ei bedrift berre er verdsett på papiret, kjem staten og krev skatt. Dette er kroner som kunne vorte brukte til å investera meir i bedrifta, satsa på gode idear og skapa fleire arbeidsplassar.
Men – nei da – dei kronene skal staten ha.
Det er trist å måtta lesa at studentar med gode idear «blir tvinga» ut av landet. Noreg jagar ut unge talent, og med dei forsvinn også den framtidige verdiskapinga vår.
Og så klart skal dei som flyttar ha fridommen til det, sidan alle skal få bu og starta bedrifter akkurat der dei vil. Problemet oppstår når me har ein Exit-skat og formuesskatt. Det gjer at folk tek med seg dei gode ideane sine og realiserer dei i utlandet i staden for Noreg, fordi dei ikkje ser nokon annan utveg.
Framstegspartiet vil derimot at Noreg skal vera det beste landet å starta ei bedrift i.
Noreg må gi meir føreseielege rammer til gründerar som vil starta bedrifter her – me treng ikkje utflytting, men talent som skaper noko nytt.
Formuesskatten er ein urettferdig skatt som rammar skeivt. Han rammar det eldre ekteparet som lever av minstepensjon og kjøpte bustaden sin i ei anna tid. Han rammar IT-bedrifter som i starten berre har utgifter, og som blir tvinga til å ta ut utbytte for å betala skatt – i staden for å investera pengane tilbake i bedrifta. Ein skattar ned folks moglegheit til å lykkast.
Me må ha eit skattesystem som gjer det mogleg å starta og driva nye bedrifter utan å bli skatta i hel. Det skal vera mogleg å skapa arbeidsplassar, ta risiko og lykkast i Noreg utan at grådige politikarar skattar dei som vågar til konkurs.






