Kjendisar boikottar Instagram i hatprat-protest

Onsdag denne veka frys amerikanske kjendisar Instagram-kontoane sine i 24 timar i protest.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Misinformasjon delt på sosiale medium har ei alvorleg innverknad på vala våre og undergrev demokratiet vårt, skriv Kim Kardashian West på sin Instagram-konto.

Superkjendisen har heile 188 millionar følgjarar på plattformen, men det neste døgeret vil desse ikkje få noko oppdatering frå Kardashian West.

 

Fleire norske og internasjonale medier omtalar saka i dag.

Kardashian West skriv vidare at ho elskar måten Facebook og Instagram gjev ho moglegheita til å kommunisere direkte med følgjarane, men at ho ikkje kan sitje på sidelinja medan desse plattformane held fram å tillate spreiing av hat, propaganda og misinformasjon, som er laga av grupper som ynskjer å så splid i Amerika.

#StopHateForProfit

Innlegget er ein del av kampanjen #StopHateForProfit, som òg har fått med seg store namn som Katy Perry, Michael B. Jordan, Ashton Kutcher, Sacha Baron Cohen, Naomi Campbell, Judd Apatow, Amy Schumer, Sarah Silverman, Kate Hudson, Leonardo DiCaprio, Rosario Dawson, Isla Fisher og Mark Ruffalo.

Rørsla reagerer på at Facebook, som eig Instagram, ifølgje gruppa stadig ikkje gjer nok for å handtere hatytringar og misinformasjon knytt til val på plattformane sine.

Dette er ikkje første gong Stop Hate For Profit får med seg store musklar på laget for å boikotta sosiale medium. I juli oppmoda dei store bedrifter til å ikkje bruka pengar på Facebook-promotering i protest mot hatytringar og desinformasjon.

Kravet var at Facebook skulle fjerna grupper som fremma kvit makt, hat og valdelege konspirasjonar, samt forby hendings-sider som oppmoda til våpenbruk.

Gigantar som Starbucks og Coca-Cola støtta opp under kampanjen med å kutte promotering på Facebook, ifølgje CNBC.

Vart varsla om Facebook-gruppe før skyting

Ifølgje Buzzfeed skal Facebook ha fått 455 varslingar om ei Facebook-side som oppmoda folk til å ta med våpen til protestar mot politivald i Kenosha, Washington.

Fire moderatorar skal ha funne at sida ikkje braut med retningslinjene til Facebook og først dagen etter at 17 år gamle Kyle Rittenhouse kryssa delstatsgrensa frå Illionis og skaut to protestantar vart sida teke ned.

Facebook-eigar Mark Zuckerberg har adressert hendinga, som han omtalar som ein operativ feil.

Boikotten ser ikkje ut til å ha skada selskapet økonomisk i særleg grad, då Facebook-aksjane har stige med 32% i år.

Nancy Herz skal leie det komande Ungdommens ytringsfrihetsråd. Foto: Privat