Dei fleste språkbrukarar vel bort orda «neger» til fordel for ord som «mørk» eller «afrikanar», viser undersøking om støytande språkbruk.

Svein Olav B. Langåker, Andrea Rygg Nøttveit
Svein Olav B. Langåker, Andrea Rygg Nøttveit

– Det er ulike oppfattingar av kva ord som er støytande. Det har me sett i dei såkalla negerdebattane, seier språkforskar Endre Brunstad frå Universitetet i Bergen.

Saman med Edit Bugge frå Høgskulen i Bergen og Ingunn Indrebø Ims frå Universitetet i Oslo har Brunstad utført undersøkinga «Har du ein støytande språkbruk?» for Språkrådet. 

Undersøkinga, som vart presentert på konferansen Språkdagen 2013, er utført som ein språktest på NRKs nettsider. 15.500 lesarar har oppgjeve kva for formuleringar dei meiner er mest passande i 23 ulike samanhengar.

LES OGSÅ: Fjernar upassande ord frå ordboka

Nesten ingen nyttar «neger»
Spørsmåla handla om personkarakteristikkar ut i frå hudfarge, etnisitet, funksjonshemming, kroppsfasong og seksuell legning. Nokre spørsmål handla om kva ord ein sjølv ville valt for å skildre desse tinga, medan andre spurde om kva ein forventa å lese i ei avis. I media forventar ein at ordet «overvektig» vert nytta, medan privatpersonar kan finne på å seie til dømes «korpulent».

I eit av spørsmåla har deltakarane hatt valet mellom å skriva at mora til forfattaren Alexandre Dumas var «svart», «afrikansk» eller «neger»:

  •  • 20 prosent vel «svart»
  •  • 73 prosent «afrikansk»
  •  • 7 prosent «neger»

 

I eit anna av spørsmåla har deltakarane hatt valet mellom å omtale ei kvinne frå New Orleans som «mørk», «afroamerikanar», «neger», «negresse» eller «svart»:

  •  •  39 prosent vel «mørk»
  •  •  33 prosent vel «afroamerikanar»
  •  •  9 prosent vel «neger»
  •  •  4 prosent vel «negresse»
  •  • 16 prosent vel «svart»

 

Svaralternativa er mellom anna henta frå lister over tilrådd og frårådd språkbruk frå ei rekkje interesseorganisasjonar, som Noregs Handikapforbund og Noregs Blindeforbund.

QUIZ: Prøv deg på Språkdirektørens teiknspråkquiz!

Klare kjønnsforskjellar
– Det er tydeleg at kvinner vel ord i tråd med tilrådingane til interesseorganisasjonane i større grad enn det mennene gjer. Til dømes vel fleirtalet av kvinner å bruke «teiknspråkstolk» føre «døvetolk», i motsetnad til menn, seier dei tre forskarane bak undersøkinga i ei pressemelding.

Testresultata, som blir lagt fram på Språkdagen 2013, omfattar òg ord som er i bruk i norske medium, og som tilsynelatande tyder det same, til dømes «sigøynar» og «romfolk», «tater» og «reisande», «kebabnorsk» og «multietnolekt».

– Resultata frå testen gjev ein indikasjon på kva som blir oppfatta som korrekt og passande språkbruk i dag. Undersøkinga gjev ny kunnskap om eit emne mange har sterke meiningar om, men som har vore lite undersøkt, seier direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen.

Og det er ikkje tvil om at emnet fengjer og engasjerar. Forskarane kan fortelje at testen har fått kritikk for å vere rasistisk. Nokre meiner at testen burde ha ei nedre aldersgrense, fordi det er ord som ikkje små born bør kjenne til. Andre igjen har kome med språkprotestar og hevda sin rett til å «kalle ein spade ein spade».

LES OGSÅ: – Sosiale medium øydelegg språket

LES OGSÅ: – Sikrare sex med vår verbbøying

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE