Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Norge og Danmark er historia om den dansk-norske slavehandelen relativt ukjend. Det kjem rett nok ei bok med ujamne mellomrom for å minne oss på ho, men det er neppe samtaletema i lunsjen.

Ein teikning frå slavetida av det som då var Christiansborg, men nå er kjend som «Osu Castle».

På den tidlegare «Gullkysten», nå betre kjend som Ghana, er ein meir bevisst eiga fortid. I hovudstaden Accra ligg Christiansborg som eit landemerke der hovudstaden møtet havet.

Fortet blei reist alt i 1661, som del av den gryande dansk-norske slavehandelen. Her skulle ein oppbevare slavane frå dei blei kjøpt på slavemarknaden og fram til dansk-norske skip kunne bringe dei vidare til St. Thomas, St. Jan og St. Croix i Karibia.

Seinare, då slavehandelen skaut fart, akkompagnerte ein Christiansborg med det nye fortet Fredensborg. Dei to forta sto for omlag 57 prosent av slavane som blei frakta vidare med dansk-norske skip.

Les også: Danmark anerkjenner ein mørk del av si historie

Myteprega «triangelfart»

Det tok ikkje mange tiåra før også dette blei for lite. Den amerikanske revolusjonen førte til at skip som segla under det nøytrale dansk-norske flagget kunne ta ein mykje større del av marknaden.

I tillegg til at ein måtte kjøpe over halvparten av slavane frå andre europeiske etableringar, bygde ein på 1770- og 1780-talet heile fire nye fort, på toppen av ei rekke handelsstasjonar.

Det er også verd å merke seg at «triangelfarten» er smått myteprega. Det er rett at Danmark-Norge frakta slavar, gull og elfenbein frå Afrika til Amerika, sukker og brennevin til Europa, og blant anna våpen og klede tilbake til Afrika.

Men den store majoriteten av skip segla direkte mellom Danmark-Norge og Karibia. Av totalt rundt 3000 skip, var det berre omlag 260 som segla heile ruta, altså via Gullkysten.

Les også: Slavehandelen som aldri tok slutt.

400-årsnatt eller nyttig allianse?

Slavevoyages.org, som tar sikte på å dokumentere den transatlantiske slavehandelen, anslår at Danmark-Norge i alt frakta rundt 111 000 slavar. Men var nordmenn delaktige, eller berre underlagt danskane?

Skildringa av unionen som 400-årsnatta tyder på det sistnemnde, men historikarar har ei høne å plukke med den røyndomsskildringa.

Mykje tyder på at Norge utan Danmark ville vore sjanselause ovanfor stadige svenske forsøk på å overta norske landområde. Norsk jordbruk, fiskeri, gruvedrift og sjøfart blomstra, og det norske eksportoverskotet var stort på 16- og 1700-talet.

Nasjonalikonet Ludvig Holberg investerte dessutan store pengar i slavekompani. Peter Wessel, betre kjend som Tordenskiold, var skipsdreng på eit slaveskip i sin ungdom.

Kontroversielt regjeringsbygg

Ikkje uventa er det ikkje heilt ukontroversielt å nytte eit tidlegare slavefort som regjeringsbygg. I 2005 raste debatten om kor vidt «Osu Castle», som det nå heiter, framleis skulle bli brukt som sete for regjeringa.

Dåverande president John Kufuor argumenterte for at historia gjorde bygget uskikka. Opposisjonen innvende at dei 50 millionar dollarane det ville koste med eit nytt bygg var meir naudsynte andre stader.

Nokre år seinare flytta likevel presidenten sete til eit anna bygg, men denne avgjerda blei fort omgjort av presidenten som tok over kort tid etter.

Slik ser «Osu Castle» ut etter at det blei opna for offentlegheita igjen i 2017. Foto: Macabe5387/CC BY-SA 4.0

Kva veit du eigentleg om slaveri i historia og kulturen? Ta quizen her!