Tusenvis i rosetog for Tamima

Om lag 30 000 møtte opp for å heidre Tamima Nibras Juhar (34), som vart drepen på Kampen i Oslo.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Søndag 31. august møtte fleire tusen opp på Youngstorget i Oslo for å minnast Tamima Nibras Juhar (34) og ta avstand frå rasisme.

Tamima vart drepen 24. august medan ho var på jobb på ein ettervernsinstitusjon på Kampen i Oslo.

Politiet har sikta ein 18-åring for drap med terrorhensikt. Han har forklart at det var eit politisk motiv bak drapet og har ytra høgreekstremistiske haldningar.

Markeringa på Youngstorget vart arrangert av Antirasistisk Senter i samråd med familien til Tamima.

– La denne dagen, dette toget, dette havet av gule blomar, vere eit vitnesbyrd om at kjærleik er sterkare enn hat. Om at fellesskapet alltid er sterkare enn høgreekstremismen, og at vi aldri, aldri skal godta at rasisme får vekse i vårt samfunn, sa dagleg leiar i Antirasistisk Senter Umar Ashraf.

Politiet uttalar til TV 2 at dei reknar at rundt 30 000 menneske møtte opp på markeringa.

Mange av dei som hadde møtt opp var kledde i gult og hadde med gule blomar. Antirasistisk Senter hadde på førehand oppmoda til å farge byen gul for Tamima, då det var favorittfargen hennar.

Då det vart halde eitt minutt stille for Tamima, heldt dei frammøtte gule roser mot himmelen.

Under minnemarkeringa vart det halde appellar, og Tamima sine vennar fortalde om korleis ho var som person.

– Tamima hadde eit hjarte som banka for rettferd. Ho kjempa for ungdom, og for eit betre hjelpeapparat. Ho engasjerte seg i kampen mot urett.

Venen skildrar ho som eit samlingspunkt, med eit smil som smitta og ein varme som samla.

– Vi ser dykk og vi sørger med dykk. Ikkje alle kjente Tamima, men vi har alle sett biletet av ho. Ei glad, ung kvinne som har pynta seg i ei flott drakt, grøn bluse med mange raude hjarte på, og med gule blomar. Eit bilete som viser ho slik Noreg kjem til å hugse denne unge kvinna, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Han understreka at drapet var politisk motivert, og at vi igjen har sett kva høgreekstremistisk tankegods kan føre til.

– Det er ikkje noko som heiter «eit stolt, kvitt Noreg». Det er rasisme.

Etter minnemarkeringa på Youngstorget var det rosetog gjennom Oslos gater.