«Det er fleire sider til ei sak enn den grøne sida og den gale sida»

Siren Bjorøy (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget var eit av dei beste som kom inn til skrivekonkurransen om miljøutfordringar anno 2020, arrangert av Framtida.no og Magasinett i samarbeid med Vestland fylkeskommune.

Vi brølar for at klima skal verte teke på alvor. Vi streikar i veg og klagar på leiarane i landet. Stopp med olja, stopp å ete kjøtt, stopp å fly.

Men kva skjer med å lytte til kvarandre?

Kva med å vere stolt over kor langt vi har kome?

Forandring skjer gradvis

Det er lett å gløyme at dei aller fleste av oss ønsker ein berekraftig framtid. Det er lett å gløyme kor viktig det er at ein veit kvifor ein brølar. Det er lett å gløyme at dei som ikkje brølar med deg kanskje har ein like god grunn som du har.

Nysgjerrigheit, læring, undersøking og debatt er kritisk for ei god utvikling. Berekraft er ei treeining av miljø, samfunn og økonomi – det er vanskeleg å finne perfekte løysingar for alle desse tre samtidig.

Forandring skjer gradvis. Det er tungt og slitsamt.

Hadde det ikkje vore fint med oppmuntrande tilrop i staden for endelaus kritikk? Sakleg debatt der dei faktiske problema får vere i fokus?

Det er tvillaust at miljøet må reddast og at samfunnet må utvikle seg for å møte framtida – vi er alle avhengige av å lære av og støtte kvarandre.

Skam, skam, skam

Viss vi følgjer alt som er grønt og «miljøvenleg» utan å undersøke kva det er… då er vi ikkje stort betre enn ein saueflokk som følgjer leiaren utfor stupet.

Sjekk ut til dømes atomkraft. Effektivt med låge utslepp, men ikkje 100 prosent fornybart. Det er vel framleis eit betre alternativ enn kol og olje?

Sjekk ut korleis beitedyra i Noreg påverkar miljøet samanlikna med dei i andre land. Å kjempe for dei norske grønsakene gjer meir for miljøet enn å gjere skam på kjøttetarane.

Kjøttskam, flyskam og skam for å meine noko anna enn dei som brølar sterkast … Er det slik vi vil ha det?

Sakleg debatt

Eg er lei av å krangle om kva som er den perfekte løysinga. Lær deg kva det er du brølar om, senk stemma og kom tilbake med ein sakleg debatt.

Vi er einig om kva vi vil, så det er like greitt å halde kritikken konstruktiv.

Det er fleire sider til ei sak enn den grøne sida og den gale sida.

Har du noko på hjartet? Skriv inn til: framtida @ tips.no!


Under den digitale klimastreiken fredag 25. september skal KrF-politikar Tore Storehaug (t.v), Høgre-politikar Stefan Heggelund (midten) og tidlegare miljøminister og Venstre-politikar Ola Elvestuen møta til debatt. Dei møter klåre krav frå Spire-leiar Julie Rødje (t.v) og Hilda Bævre Bergseth i KFUK-KFUM Global. Foto: Stortinget/Privat