Ketil Solvik-Olsen (Frp) om klimastreikarar: – Streik gjerne på fritida

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 27.09.2020 18:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I næringslivet treng me fleire som har kunnskap, ikkje folk som sit med plakatar på dagtid og ikkje går på jobb eller skule, sa den tidlegare samferdsleministeren under debatten.

Frp-politikar Ketil Solvik-Olsen åtvara både ordstyrar Una Pasovic frå Natur og Ungdom og dei andre partirepresentantane i debatten, om å skremme ungdomane som såg på.

Sjå heile debatten her:

– Streik gjerne på fritida

Tidlegare samferdselsminister Solvik-Olsen meiner det vart gitt inntrykk av at ingenting er blitt gjort i klimasaka og at alt går i feil retning.

– Faktum er at utsleppa går ned. Sjå på vegane våre, det er fleire elbilar her enn nokon annan stad. Det blir bygd meir jernbane, det blir satsa meir på kollektivtrafikk, me bygger og brukar meir grøn energi enn nokosinne før. Det tyder på at ting går i rett retning.

Hans utfordring til dei unge sjåarane er å engasjere seg.

– Ikkje berre med plakatar, men med å bruka hovudet. Med å ta utdanning og vere på  skulen. Ikkje gå vekk og streik i skuletida. Streik gjerne på fritida, men ver tilstades når de skal læra kunnskapen som gjer at de skal laga endå betre løysingar enn foreldrene dykkar.

– Bortskjemte pøblar

Stefan Heggelund, Høgre, Oslo. Foto: Stortinget.no

Denne veka har også Stefan Heggelund, miljøpolitisk talsperson i Høgre, fått både ros og kritikk for sitt utsegn om demonstrantane frå gruppa Extinction Rebellion. Dei brukar sivil ulydnad og går inn for å bli arrestert i kampen for å sette lys på klimakrisa.

Måndag hadde dei sin største aksjon i Noreg, og omlag 70 klimaaktivistar blokkerte ei sterkt traffikert gate i Oslo. Ei rekke av desse vart arresterte og ifølgje gruppa fekk dei bøter på omlag 1 million kroner.

– Dette er ting vi kjenner frå grupperingar frå andre land. No skal dei øydelegge for vanlege folk i Oslo. Det er bortskjemte pøblar, yrkesdemonstrantar som øydelegg for klimasaka, sa han om aksjonen til NRK.

Både då og under debatten fredag, viste han derimot støtte til klimastreikande ungdom – på lik linje med resten av politikarane i debatten.

– Det er eit hav av forskjell mellom klimastreikande ungdom, som er bra, og Extinction Rebellion som har udemokratiske meiningar. Eg vil ha klimastreikande ungdom. Eg vil ha det ungdomsengasjementet. Det held oss politikarane i øyro.

I debatten deltok (f.v)Marie Sneve Martinussen (Raudt), SV-leiar Audun Lysbakken, Åsmund Aukrust (Ap),Anne Beathe K. Tvinnereim (Sp), Une Bastholm (MDG), Tore Storehaug (KrF),Ola Elvestuen (V),Stefan Heggelund (H) ogKetil Solvik-Olsen (FrP). Skjermdump frå «Skolestreikernes partidebatt», 25.09.20.

Slik stemte politikarane

Det var generelt stor semje under debatten. Dei fleste er stort sett samde om at klimautsleppa må ned, og at det må gjerast drastiske tiltak – både nasjonalt og internasjonalt. Sjølv om dei er usamde om kor mykje og korleis.

Debatten var arrangert av Natur og Ungdom, Changemaker, Spire, KM Global og World Saving Hustle.

I løpet av debatten vart politikarane stilt ei rekke ja/nei-spørsmål, og slik svara dei: