– Klimastreikarane ropte ikkje om veganisme og barnløyse

Ulrikke Andrea Torgersen, sentralstyremedlem i Grøn Ungdom
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

10. januar tek Espen Goffeng i NRK Ytring eit moraliseringsoppgjer med miljørørsla, Greta Thunberg og ei rekkje kjente personar han kallar for eliten.

Han skuldar dei for å drive med eit gjennomgåande moraliseringarbeid, som han seier får han til å ville gjere det motsette på trass. Han tillegg miljørørsla skjulte hensikter og skuldar dei for å drive med ein «moraliseringsstrategi» som resulterer i handlingslamming, med Greta Thunberg som ein «gallionsfigur».

Miljørørsla veks

Goffeng tek eit oppgjer mot ein stråmann. Ikkje berre er det eit uheldig tidspunkt å gå til angrep på miljøforkjemparane sine såkalte «hensiker» i ei verd som står i brann, men å kritisere miljørørsla si tone for å ikkje vere effektiv når vi er større og veks raskare enn nokon gang tidlegare, burde falle på si eiga meiningsløyse.

For miljørørsla veks. Den veks trass i mangelfull politisk vilje over heile verda. Eller kanskje den veks på grunn av det.

Fleire tek til orde for å ville bidra til å bremse klimaendringane og fleire brukar si påverknadskraft til å bevisstgjere andre.

Då 40.000 ungdommar i Noreg streika i fjor, ropte dei ikkje om veganisme og barnløyse: dei ba innstendig politikerne om å handle mot katastrofale klimaendringar, for si eiga framtid og for ein levande klode som allereie no har fleire stader der er uråd å bu.

«Eliteprosjekt»

Det Goffeng skildrar som eit «eliteprosjekt», er i praksis ein solidaritetskamp om moglegheita for å bu på kloden.

Det handlar dyr som blir utrydda, bønder som mistar avlinga si

Den handlar om småbarnsfamilien som vil sykle til jobb. Det handlar om astmatikaren som ikkje kan gå ut på grunn av luftforureining. Det handlar om studenten som vil ha oftare og billegare buss over heile landet. Det handlar dyr som blir utrydda, bønder som mistar avlinga si, og industrialisert rovdrift på naturområde.

Eg trur neppe Greta Thunberg engasjerte seg i miljøkampen for å trakke på, og moralisere over, mennesket i gata. I talen til FN kritiserte ho ikkje enkeltmennesket, men politikarane for å la vere å handle når kloden brenn, og slik set hennar og framtidas generasjonar si framtid i fare.

Fossil tidsklemme

I dag er samfunnet både økonomisk og politisk lagt opp til at det er lettast, og i mange tilfelle billegast, å forureine.

I eit fossilt samfunn kan tidsklemma gjere det vanskeleg å ta store personlege grep for å leve meir miljøvenleg, og det vert difor antatt å vere eit eliteprosjekt, slik Goffeng omtalar det.

Små grep treng verken å vere dyre, eller vanskelege

Eg forstår at det kan vere skremmande og overveldande å løfte lokket av eiga åtferd når ein veit at det som skjuler seg kan vere verre enn ein trudde. Men små grep treng verken å vere dyre, eller vanskelege.

«Å bite en levende gris i rumpa»

Der klimaforskinga har vore klar i mange år, har handlinga frå politikarane vore mangelfull. Den største bremsen for utsleppskutt er ikkje enkeltpersonar si moralisering over kvarandre, men politikarane si evne til å prioritere og sette i verk tiltak.

Eg er usikker på kven det er Goffeng siktar til når han seier at det er «mange som får lyst til å fly jorden rundt på trass», samt urovekkande at eit møte med eit smilande menneske som vel å leve plantebasert, skal vekkje ei «nesten uovervinnelig trang til å bite en levende gris i rumpa».

Som medlem av ei miljørørsle veit eg at mesteparten av arbeidet vi gjer handlar om å lytte til og spreie forskingsbasert kunnskap og utvikla politikk basert på dette, som forhåpentlegvis kan vere med på å bremse katastrofale klimaendringar.

Det er sjeldan og eg vil si nærast aldri at eg har høyrt miljøforkjemparar gå til angrep mot enkeltmenneske, det er tvert om kritikk mot ein beklageleg manglande miljøpolitikk frå regjering og næringsliv som går att.

Det gode liv

Som politikar jobbar eg kvar dag for at kvinna i gata skal kunne leve på ein måte som er fint, billeg og lettvint for ho og som samstundes gagnar planeten og framtidige generasjoner. For det er jo det som er målet: Gode liv som skapar gode liv for andre. Fridom som ikkje røvar andre menneske, eller dyr sin fridom.

Fridom som ikkje røvar andre menneske, eller dyr sin fridom

Å gå til angrep mot skjulte hensikter er det motsatte av den inkluderande rørsla som Goffeng etterspør. Vi vinn ikkje klimakampen med ein debatt om hensikten bak debatten, men med reelle miljøtiltak og ei samla miljørørsle som kjempar for dei.

Frå venstre: SU-leiar Anreas Sjalg Unneland, Senterungdom-leiarTorleik Svelle, KrFU-leiar Edel-Marie Haukland, FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud og leiar i Raud Ungdom, Tobias Drevland Lund. Foto: Pressefoto