Kvifor er unge så tause om politikk i sosiale medium?

Joanna Piszizatowska (18) er den einaste i klassen som har brukt sosiale medium til å skriva om politikk i år. Ein ny studie fortel kvifor så få unge skriv om politikk i sosiale medium.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 30.09.2020 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klassen i politikk og menneskerettar på Varafjell videregående skole i Haugesund er truleg meir interesserte i politikk enn dei fleste. Likevel er det berre Joanna Piszizatowska (18) som pleier å skriva om og kommentere politiske saker i sosiale medium.

– Eg føler politikk er veldig viktig. Eg engasjerte meg for to år sidan innanfor politikk og menneskerettar, seier 18-åringen som kom til Noreg frå Polen som barn.

Tre bekymringar

Audun Aagre og Nedim Dizdarevic har studert kvifor ungdom er tause i sosiale medium. I arbeidet med ein master ved BI, har dei sett på korleis det står til med politisk deltaking i sosiale medium på skulen. Dei skriv om forskinga si i ein kronikk på Forskning.no.

97 prosent av dei 150 avgangselevane dei har intervjua, svarar at dei legg ut innlegg med politiske meiningar sjeldnare enn to gongar i månaden.

Då Aagre og Dizdarevic intervjua elevane fann dei tre sentrale årsaker, eller bekymringar, blant ungdommane:

  • Mange ville ikkje utsetja seg for kritikk og stille seg lageleg til for hogg.
  • Mange var redde for å ikkje ha nok kunnskap og ta munnen for full.
  • Mange var òg uroa for å bli stempla og definert utifrå ytringane sine.

Steffen Tvedt Brekke meiner ungdom er flinke til å dela meiningane sine, sjølv om det ikkje skjer så ofte i sosiale medium.

Redde for å bli misforstått

Steffen Tvedt Brekke er elevrådsleiar på Vardafjell videregående i Haugesund, og går òg i politikk og menneskerettar-klassen til Joanna Piszizatowska.

Han synest det er tankevekkande at så få i klassen ikkje deler meiningane sine i sosiale medium. Men han forstår det godt.

– Eg trur folk er redde for å bli misforstått, og synest det er litt skummelt å skriva meiningane sine.

Han trur òg mange ungdommar ikkje kjenner seg igjen i den harde tonen som kan vera i kommentarfelt blant tastaturkrigarane.

– Kommentarar kan gå på person og ikkje på meiningane til folk, og det er mange som ikkje vil utsetja seg for det, påpeikar Steffen Tvedt Brekke.

Joanna Piszizatowska bruker oftast Instagram og Twitter, og har opplevd å få kritiske kommentarar på Instagram.

– Viktig at me snakkar ut!

Joanna Piszizatowska har opplevd å få kritikk på Instagram, men bryr seg ikkje særleg.

– Me her i Noreg er veldig priviligerte. Då er det viktig at me snakkar ut, seier noko om framtida – og gir ei stemme til andre, seier Joanna Piszizatowska.

I tillegg til å vera opptatt av polsk og norsk politikk, så er ho opptatt av Black Lives Matter og global politikk.

Steffen Tvedt Brekke trur ungdom er flinke til å dela meiningane sine, sjølv om dei sjeldan bruker sosiale medium til å gjera det.

– Eg synest det er betre å organisera seg i organisasjonar i staden.

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

LES OGSÅ: Samfunnsdebattant Nancy Herz (24) om hetsen: – Tidkrevjande, energikrevjande og tappande

Nancy Herz skal leie det komande Ungdommens ytringsfrihetsråd. Foto: Privat