Ingen auke i psykiske plager blant unge

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter ein lengre periode der stadig fleire ungdommar har rapportert om sviktande psykisk helse, ser det ut til at utviklinga no flatar ut.

85 prosent er tilfredse med livet

Fleirtalet av ungdommane i Oslomet-undersøkinga melder om god fysisk og psykisk helse. 85 prosent er tilfredse med livet, og 80 prosent meiner at dei har alt dei ønskjer seg.

Anders Bakken er forskar II hjå NOVA sin seksjon for ungdomsforsking. Foto: NOVA

– Sjølv om tala framleis er for høge, er det positivt at norsk ungdom ikkje endå ein gong rapporterer om ytterlegare auke i psykiske helseplager, seier Anders Bakken, som er leiar av Ungdatasenteret ved Nova på Oslomet.

Tal frå før pandemien

Ifølgje Nova viser forskinga at pandemien har påverka mange ungdommar. Alle målingane i rapporten er gjorde før pandemien slo til med full kraft.

Av rapporten går det elles fram at mobbetala er stabile, at ungdomskriminaliteten flatar ut, og dessutan at færre trivst på skulen. Samtidig ser forskarane med uro på særleg éin trend:

– Det er for mange ungdommar som opplever seksuell trakassering, seier Bakke, som også opplyser om at dette er ei utvikling forskarane ønskjer å følgje nærare dei neste åra.


T.v. Marna Korstadhagen, Lene Guttulsrud. Foto: Privat.