1 av 5 unge har slutta å gå ut av huset som følgje av pandemien
Dei under 30 år held seg mest heime under koronapandemien. Kvar tredje person i aldersgruppa melder om einsemd.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Koronapandemien har gjort kvardagen tung for mange. Ei Opinion-undersøking viser at kvar tiande nordmann i all hovudsak har slutta å gå ut av huset.
– Det seier seg sjølv at det er ei påkjenning å isolerast over lang tid. Og ser vi koronaperioden under eitt, er det dei yngste som i størst grad ikkje går ut av huset, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.
Personar under 30 år utgjer størsteparten av dei som har slutta å forlate huset. Sidan pandemien byrja opplyser i snitt 20 prosent av denne aldersgruppa at dei har slutta å gå ut av huset. Det er klart høgare enn for andre aldersgrupper. Prosentdelen var 11 denne veka.
Einsemd blant unge
I september sa 23 prosent av befolkninga at dei føler seg einsame. Einsemda var på sitt høgaste i mai (27 prosent) og lågast i juli (20 prosent), men har vist ein svak auke etter sommaren.
Einsemd rammar i størst grad dei yngste. Kvar tredje person under 30 år føler seg einsam som følgje av pandemien.
– Gjennom heile pandemien er det den yngre delen av befolkninga som i størst grad opplever kvardagen som psykisk belastande. Unntaket var sommarferien, men no byrjar dei igjen å toppe statistikken, seier Clausen.
Psykisk belastande
Så langt i september opplyser 24 prosent at dei opplever noverande livssituasjon og kvardag som psykisk belastande som følgje av endringar i kvardagsrutinar knytt til pandemien.
Delen er 6 prosentpoeng lågare enn toppunktet i mars, men ein oppgang på 2 prosentpoeng frå botnpunktet i juli.
Opinion spurde 32.000 nordmenn om korleis dei vurderer den psykiske helsa si og livssituasjon etter koronautbrotet.
Les også: Oda (21) sat heime og venta på koronasvar – fekk ikkje digital undervisning