Ingrid (28) deler sine beste gjenbrukstips

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kjøper berre brukte klede – bortsett frå undertøy, ullundertøy og kvite t-skjorter, som er vanskeleg å få tak i brukt, skriv Ingrid Vik Lysne i ein e-post til Framtida.no.

Etter at ho vart kjent for norske tv-sjåarar som deltakar i Symesterskapet førre sesong har 28-åringen vorte ein profilert gjenbruks- og redesignambassadør.

Ifølgje Ingrid Vik Lysne (28) treng det ikkje vere så vanskeleg å justera storleiken på bruktplagga du finn. Foto: Privat

#IKKENOENYTT

I år lanserte den humanitære organisasjonen Second Hand September i Storbritannia, men for Lysne er det «second hand all year».

– Skal eg kjøpe andre ting, som til dømes utstyr til hunden min, sjekkar eg alltid Finn.no og tise for å sjå om eg kan få tak i noko brukt før eg eventuelt kjøper nytt, tipsar 28-åringen.

I fjor starta ho kampanjen IKKENOENYTT i sosiale medier. Istadenfor shoppestopp, ville sy- og gjenbruksentusiasten utfordra seg til å berre kjøpa brukte ting.

– Det var ein fin konkurranse å ha med seg sjølv, og det førte til at eg
kjøpte færre ting og vart mykje meir bevisst på kva eg verkelig treng og
kva som berre er ekstra-ting, forklarar 28-åringen.

Ho gjekk inn i året med seks unntak, men måtte oppjustere til omlag tolv undervegs:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Jeg har en plan, Egon☝? For det nye året! Den heter IKKE NOE NYTT og går ut på at jeg ikke skal kjøpe noe nytt i 2018. Mat må selvfølgelig være nytt. Og kritiske forbruksartikler som teip, maskara, oppvaskkost, sytråd, sjampo osv kan også være nytt. Men alt annet må kjøpes brukt hvis jeg skal ha det? Som soon-to-be jurist har jeg lært at unntak er nødvendig hvis regler skal funke i praksis. Derfor har jeg 6 unntak for 2018. Ryker feks telefonen, kan jeg bruke et unntak og kjøpe meg ny? (Tenk selv hvor mange unntak du tror du trenger) ??? HVORFOR? Fordi uansett hvordan vi vrir og vender på det, er nye produkter alt fra pittelitt til veldig skadelig for miljøet. Hvis jeg kan «ta abort» på noen produkter, slik at de verken blir produsert, fraktet, brukt eller kassert, er det en god ting! Og viktigst av alt – jeg tror ikke det blir så vanskelig☝? Jeg skal teste hypotesen! Noen flere som vil være med? Så kan vi si ifra til dere andre – underveis og om et år – om det er verdt å følge etter, eller om det var en dritdårlig plan? #ikkenoenytt

Et innlegg delt av INGRID VIK LYSNE (@ingridviklysne)

(G)ulljakke

– Kva er ditt beste second hand-kjøp?

–Eg har veldig mange gode second-hand kjøp, som eg bruker heile tida. Men eit av dei siste, som eg er veldig nøgd med er eit ullteppe eg fann på Fretex. Det sydde eg om til ei ullteppe-jakke.

Både Ingrid Vik Lysne og hunden Hundre plar å bruka brukte ting. Foto: Privat

– Kva er ditt beste råd når ein skal ut på second hand-shopping?

– Mitt beste råd når ein skal kjøpe brukt er å leite godt. Ein kan bli litt overvelda i ein bruktbutikk fordi det heng så mange plagg der, som alle er i ulik stil. Bruk tid på å bla igjennom. Om du likar eit plagg, men det er i feil storleik kan du også tenke at det kanskje ikkje er så vanskeleg å justere storleiken, anten sjølv, eller med litt hjelp frå nokon som kan sy, avsluttar Lysne.

– Mest av alt gjer eg dette for min eigen del. Eg får ein bismak i munnen om eg har for mange nye klede. Det skal ikkje så mykje til, fortel Hilde Selvikvåg (t.h.) Saman med Ingrid Bergtun (t.v.) vil artisten vise at berekraftig mote er kult. Foto: Victoria Bergort