Fleire land evakuerer barn frå Moria – Noreg er ikkje eit av dei

Rahman Chaudhry
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Moria er ein stad der dei ikkje kan få fred. Dei har ikkje privatliv. Dei må stå i kø for mat, toalett, vatn, alt.»

Det sa Greg Kavarnos, ein psykolog som arbeider i felt for Leger utan Grenser, i eit intervju med organisasjonen, tidlegare denne månaden.

Ei barn ser ut av ein buss utanfor Moria-leiren. Leiren, som blei bygga for 3.100 menneske, husar no 20.000 menneske. Foto: AP Photo/Panagiotis Balaskas

Flyktningleiren på den greske øya Lesvos, som av flyktningane sjølve har blitt kalla «eit helvete på jord», veks seg berre større og større. Leiren er bygd  for 3.100 menneske, men allereie i februar i år kunne ein sjå 20.000 flyktningar i leiren. Frivillige som arbeider i leiren seier forholda er verre enn i dei verste krigssonene dei har jobba i før.

Professor ved NTNU, Terje Andreas Eikemo, sa til forskning.no i mai at han frykta barn ville døy om koronaviruset kom seg til Moria-leiren. Samstundes har fleire europeiske land utsett evakuering frå leiren, nettopp på grunn av koronaviruset.

– Høg tid på relokalisere barna

Justisminister Monica Mæland (H) sa i mai at Noreg ville hente barn ut frå Moria, føresett at 8-10 europeiske land gjorde det same.

Seniorrådgjevar i Fykytninghjelpa, Pål Nesse. Foto: Flyktninghjelpa

I følgje Flyktninghjelpa viser tal frå EU-kommisjonen at ni europeiske land har planlagt å hente ut barn frå Moria-leiren innan august.

Seniorrådgjevar i Flyktninghjelpa, Pål Nesse, meiner det er på høg tid å relokalisere barna i Moria-leiren.

– I ei økonomisk krise som Hellas er i, har dei ikkje kapasitet til å hjelpe so mange flyktningar som dei har no. Det bidreg til å gjere krisa i Moria-leiren verre enn ho allereie er, seier han til Framtida på telefon.

«Kan skje tidleg på hausten»

Statssekretær i justisdepartementet, Lars Jacob Hiim (H), skriv i ein e-post til Framtida, at Noreg ikkje kjem til å hente barn frå Moria til Noreg no.

Statssekretær i justisdepartementet, Lars Jacob Hiim. Foto: Torbjørn Tandberg

«Regjeringa har heile tida ynskt ei brei europeisk løysing» skriv Hiim.

«Føresett at minst 8-10 andre land i Europa realisarer sine uttak, vil regjeringa bidra og hente sårbare barn og familiar som har stort sannsyn for opphald frå leirane i Hellas. Når 8-10 land kan seiast å ha gjort det, står att å sjå. Det kan skje tidleg på hausten.»

Hiim understrekar at det viktigaste arbeidet for regjeringa er for varige og ansvarlege løysingar.

«Noreg gjev difor betydeleg støtte til Hellas for å betre situasjonen. Noreg bidreg åleine i 2019-2024 med 330 millionar kroner gjennom EØS-midlane til mottak og asylbehandling i Hellas.»

– Vil gå håplaust lang tid

Seniorrådgjevar i Flyktninghjelpa, Pål Nesse, meiner verdifull tid går tapt om ein ventar for lenge.

– Fleire europeiske land er i gong og kjem til å relokalisere menneske dei næraste vekene, seier han til Framtida.

– Dette må jo førebuast. Ein må ha apparat og system i Noreg. Det tek tid å få i gong. Om vi fyrst skal vente, vil det gå håplaust lang tid.

Nesse er óg bekymra for EØS-midlane Noreg gjev til Hellas.

– Styresmakt-apparatet fungerer dårleg mellom stat og kommune i Hellas. Dei lir av avgjerdsvegring, seier Nesse.

– Difor har Hellas gjeve EØS-midlar frå Noreg tilbake, fordi dei ikkje maktar å nytte dei. Dei har ikkje kapasitet.

Frå Moria-leiren på øya Lesvos i Hellas. Foto: Dråpen i Havet

Forventar at noko skal skje

Nesse seier at Noreg alltid har vore oppteken av europeisk samarbeid i humanitære spørsmål, og at det er politisk overraskande at Noreg fram til mai sa nei til eit samarbeid om å hente heim barn frå Moria.

– Men no har jo 8-10 land satt i gong, so då forventar vi at noko konkret snart skal skje, seier Nesse.

– Regjeringa seier at vi tidlegare har teke ansvar når andre land ikkje har gjort det same. Det er veldig bra, og det er ei rolle Noreg til vanleg tek på seg.

I fjor fekk Noreg 2305 asylsøkjarar til landet, det lågaste talet på 25 år. Det seier Nesse er ein direkte konsekvens av at flyktningar som burde ha få reist nordover, sit att i Hellas.

– Dette er eit spørsmål om naudhjelp.

I flyktningleirane på Lesvos er det fleire tusenvis av flyktningar og asylsøkjarar. No vil Hellas hindre at fleire kjem til – i frykt for koronaviruset.
Foto: Ann Fredriksen / NTB scanpix

Moria-leiren

  • Flyktningleir på den greske øya Lesvos
  • Bygd for 3.100 menneske
  • Husar per no 20.000 menneske
  • Fleire europeiske land evakuerer no barn frå leiren
  • Noreg skal evakuere sårbare barn, føresett at 8-10 andre europeiske land gjer det same