«Vi må velje mellom kva som er rett og kva som er lett»

Eline Kunzendorf
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dei aller fleste i Noreg kan gå inn i eit hus. Lukke døra bak seg. Vaske hender og høyre regnet tromme på taket eller kjenne at solstrålane varmar gjennom vindauget.

Borna i flyktningeleirane på Lesvos kan ikkje det.

Situasjonen har vore uhaldbar altfor lenge. Den har vore ute av vårt umiddelbare synsfelt. No vert vi tvinga til å tenke på det igjen. Det er bra, fordi det er menneske i naud som treng vår solidaritet.

KrF har jobba lenge for å få med seg heile regjeringa på ein felleseuropeisk respons for å løyse problema i overfylte flyktningeleirar i Hellas. No har situasjonen tilspissa seg med koronaviruset på full fart mot flyktningleirane. 

Vi treng felleseuropeiske løysingar. Dette er eit internasjonalt problem som rammar og delvis lammar store delar av verda. Men felleseuropeiskeløysingar skjer ikkje av seg sjølv, og her kan Noreg ta på seg leiartrøya. Det handlar om å redde livet til born og andre sårbare menneske.

Bilete frå flyktningleiren Vial på Chios. Foto: Ida Johanne Aadland

Det europeiske samfunnet og helsevesenet står i ein svært utfordrande situasjon. Det blir knallharde prioriteringar framover. Det har noko å seie kva Noreg gjer og seier i internasjonale fora. Noreg har allereie bidrege med 410 millionar kroner for å hjelpe Hellas handtere situasjonen, som mellom anna skal gå til eigne mottaksplassar for mindreårige asylsøkarar. Likevel ynskjer vi i KrF å gjere meir. 

I flyktningleirar bur ein tett og ein har allereie vore utsett for smitte av andre sjukdomar. Hygiene er vanskeleg. Å bu under slike forhold byggjer heller ikkje ei helse som er god til å takle eit heftig virus. Den medisinske hjelpa er mager i forhold til kva som trengst. For kvar dag vi ventar, kan pandemien kome til flyktningeleirane.

Om felleseuropeiske løysingar går for sakte å forhandle fram, bør Noreg likevel ta ansvar og hente ut sjuke og foreldrelause born. Eg er veldig glad for at Kjell Ingolf er samd med KrFU i dette.

Bilete frå flyktningleiren Vial på Chios. Foto: Ida Johanne Aadland

Når vi ein gong kan gå ut av våre soverom/heimekontor/byhytter håpar eg det globale felleskapet framleis er der. Nestekjærleiken stoppar ikkje ved svenskegrensa.  Eg har full tillit til at KrF gjer alt dei kan i regjering, trass avgrensa politisk handlingsrom. Vi bør heller sende ballen vidare og kritisere dei som teier.  

På debatten 14. april seier Arbeidarpartiet at dei er mest opptekne av å ikkje drive med brannsløkking. Og no byggjer dei luftslott ved å seie at løysinga deira er at dei ynskjer å ta imot 500 kvoteflyktningar ekstra. Det hjelper ikkje borna i Moria-leiren. Fordi FN hentar ikkje kvoteflyktningar frå Europa.

KrF sit i ei mindretalsregjering, nettopp fordi omsynet til sårbare born gjekk først. Difor er det ikkje KrF det står på i denne saka, og eg håpar inderleg dei store partia kjem på banen og ser nauda i augo.


Har du noko på hjarte? Send oss din tanke, idé eller innlegg på tips(a)framtida.no!