Turistar strøymer til Tsjernobyl etter HBO-serie

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste vekene har talet på turistar som vil besøkje området og spøkelsesbyen Pripjat gått kraftig opp, melder Reuters.

Ein velspilt og stemningsfull historietime

NRKs Filmpolitiet kalla HBO-serien «Chernobyl» ein velspilt og stemningsfull historietime frå vår nære fortid. Serien tek utgangspunkt i katastrofen som traff atomkraftverket i Tsjernobyl, heilt nord i dagens Ukraina 26. april 1986.

Ein eksplosjonen i ein av reaktorane blåste det 500 tonn tunge reaktorlokket i lufta. 56 menneske døydde i eksplosjonen og av akutte stråleskadar i vekene etter. Det totale talet er opp mot 9000 menneske.

Radioaktivt stoff spreidde seg ut over store område. I 2011 fortalde sauebonden Pål Grev frå Vågå korleis dei framleis merka konsekvensane av ulukka 25 år etter.

Ulukka står att som den mest alvorlege atomkraftverkulukka i verda.

Denne videoen av området vart filma i 2014:

Tsjernobyl Tour

Ifølgje Sergej Ivantjuk, sjef for reiseselskapet Soloeast Tours, har dei fått 30 prosent fleire bestillingar enn i mai i fjor. Talet på bestillingar før sommarsesongen har auka med 40 prosent.

Jaroslav Jemelianenko, sjefen for Tsjernobyl Tour, melder at selskapet hans har opplevd ein liknande auke. For tida tilbyr Tsjernobyl Tour ein guida tur til stadene som er sentrale i HBO-serien.

– Mange kjem og spør om ting frå TV-serien og hendingane den skildrar, seier turistguiden Viktoria Brozhko til Reuters.

«Chernobyl» er regissert av svenske Johan Renck. Han har med seg Stellan Skarsgård i ei av dei store rollene. Også David Dencik, som speler Mikhail Gorbatsjov, er svensk. Britane Jared Harris og Emily Watson er òg sentrale i serien.