Fem gonger meir radioaktivitet i villrein på grunn av sopp

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Verdiane frå i fjor understrekar at det framleis er viktig å overvake nivåa av cesium-137 i villreinkjøtt, seier forskar Duncan Halley i Norsk institutt for naturforsking (NINA).

I Snøhetta og Rondane Nord ligg nivåa over fem gonger høgare i gjennomsnitt i 2018 samanlikna med 2017. I alle andre område var auken 1,6 gonger eller høgare, kjem fram det av forskingsrapporten frå NINA.

Under grenseverdiane

Tilgangen på sopp er den mest sannsynlege forklaringa på resultata frå 2018. Med varme julidagar og passeleg med regn i august auka veksten i fjor.

– Dei store variasjonane mellom år i nivåa av cesium-137 kjem først og fremst av at tilgangen på ulike beiteplanter blir endra frå år til år, og at plantane har ulik tilhug til å ta opp cesium-137 frå jordsmonnet, seier Halley.

Alle kjøttprøvane frå i fjor var under den nasjonale grenseverdien for omsetning av reinsdyrkjøtt på 3.000 becquerel per kilo. Mengda radioaktivitet i ei strålekjelde blir målt i becquerel (Bq).

  • Les også: Turistar strøymer til Tsjernobyl etter HBO-serie

    Svenske Stellan Skarsgård speler Boris Shcherbina i «Chernobyl». HBO-serien vart blant anna spelt inn ved eit gammalt kjernekraftverk i Litauen, med liknande reaktorar som i Tsjernobyl. Foto: HBO Nordic