Thorium er Noregs nye nasjonale grunnstoff

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke var folket inviterte til å stemme over kva grunnstoff som skulle peikast ut som Noregs nasjonale grunnstoff.

Fredag vart vinnaren annonsert: Thorium.

Det melder Universitetet i Oslo si realfagsavis Titan.

Det nittiande grunnstoffet, Thorium, var den soleklare vinnaren med heile 41 prosent av stemmene. På høvesvis andre og tredjeplass kom aluminium med 19 prosent av stemmene, og silisium med 12 prosent.

T(h)or(ium)

Det var svensken Jöns Jacob Berzelius som oppdaga det radioaktive grunnstoffet i 1828, men det er ikkje fritt for norske band av den grunn.

Berzelius oppdaga grunnstoffet i eit mineral frå Telemark-kysten, som han hadde fått tilsendt frå prest og hobbygeolog Hans Morten Thrane Esmark. Esmark hadde nemleg funne steinklumpen då han var på andejakt på Løvøya.

Det er også ein norsk svung over namnet, grunnstoffet Thorium er nemleg kalla opp etter den norrøne guden Tor.

Ei energiløysing for framtida?

Det finst mykje Thorium i Noreg, særleg i Fensfeltet i Telemark. Det er ein av verdas største førekomstar av grunnstoffet.

Thorium er eit radioaktivt grunnstoff, og har eit energipotensial som er langt større enn dei norske petroleumsressursane.

– Framtida sitt energibehov er i stor grad nøydd til å verte dekka av kjernekraft, som med stor fordel bør køyrast på thorium. Dette har potensial til å vere meir driftssikkert og gje mindre radioaktivt avfall enn uran, seier professor Rolf Vogt ved Kjemisk institutt på UiO til Titan.uio.no.

Teknologien for å nyttiggjere seg av thorium har lete vente på seg.

Stipendiat Sunniva Rose vil forstå kvar vi kjem frå. Til det nyttar ho maskina CACTUS. Foto: Åsmund H. Eikenes