Den nye FpU-formannen ville invitert Donald Trump på middag med norsk husmannskost

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sidan eg gjekk på barneskulen har eg vore veldig samfunnsinteressert og lese nyheiter. Då vert ein samfunnsengasjert, fortel Andreas Brännström på e-post til Framtida.no og legg til:

– Og eg trur vi får eit betre samfunn om folk får meir fridom til å leve livet slik ein ynskjer det, ta eigne val og behalde meir av sine eigne pengar.

22. august vart han vald til ny formann i FpU. Christine Hartvigsen (22) var i førekant innstilt av sentralstyre til å ta over leiarvervet, men på landsmøtet gav FpU-arane sin tillitt til 26-åringen frå Sarpsborg.

– Eg håpar landsmøtet valde meg fordi dei meinte eg hadde ein tydeleg visjon for organisasjonen og politikken. Eg vil at FpU skal vere tøffe og tydelege i samfunnsdebatten, fortel Brännström.

Ikkje-politikaren Ronald Reagan

Brännström har vore medlem i Framstegspartiets Ungdom sidan 2010, og tek over som formann etter Bjørn-Kristian Svendsrud.

– Kven er ditt leiar-førebilete og kvifor?

– Ronald Reagan. Fordi han var ein ikkje-politikar som gav politikarane mindre makt. Han levde i ei tid kor det var kapitalisme mot kommunisme, og kapitalismen vann, noko som har ført til auka fridom, livskvalitet og levestandard i store delar av verda.

Dersom Andreas Brännström hadde vakna opp i morgon til si draumenyheitsak, så hadde overskrifta vore: «Kommunismen i Nord-Korea har falle».

Ronald Reagan var president i USA frå 1981 til 1989. Foto frå 1982 av Michael Evans / Public domain

– Folk må få meir fridom

Den aller viktigaste saka til FpU anno 2020 er, ifølgje Brännström, meir fridom til enkeltmenneske og mindre makt til staten.

– Folk må få meir fridom til å ta eigne sjølvstendige val, både gode og dårlege. Då vil dei samstundes ta meir ansvar for prioriteringane og livsvala sine, og ta konsekvensane av både suksessane og fiaskoane sine.

Samstundes kjempar ungdomspartiet for lågare skattar og avgifter:

–  Skattenivået i Noreg er for høgt og avgrensar den økonomiske aktiviteten. Vi meiner at folk fortener å behalde meir av pengane dei har jobba for sjølv. Nesten uansett kva ein gjer – så skal staten krevje dyre skattar og avgifter for det.

FpU meiner kutt i dei offentlege utgiftene må til om ein skal kunne oppretthalde den same levestandarden i framtida, utan at staten krev inn meir pengar frå arbeidarane.

Og den nyvalde FpU-leiaren peikar på sjukeløn som ein god stad å byrje.

– Dagens politikarar har for liten respekt for skattebetalarane sine pengar, og det er komande generasjonar som tek rekninga, fortel Brännström.

Andreas Brännström på landsmøtet til FpU 22.-23. august 2020. Foto: Privat

Treng verdas beste skule etter oljeeventyret

Dei tre sakene som ligg hjarta til Andreas Brännström nærast er skule, arbeid og integrering.

– Vi treng verdas beste skule og kompetente folk, om vi skal klare oss bra etter oljeeventyret. Og utdanning er veldig viktig for sosial mobilitet og for at folk skal ha gode jobbar og ei stabil inntekt.

26-åringen understrekar kor viktig det er å ha høg verdiskaping i samfunnet og å skape fleire arbeidsplassar:

– For at komande generasjonar skal ha ei stabil inntekt, ein meiningsfull kvardag og oppnå draumane sine, så er det viktig at folk har ein jobb å gå til.

Samstundes understreker den påtroppande FpU-leiaren at vi må lukkast betre med integreringa.

Brännström meiner Noreg til no har mislukkast med å integrere dei som kjem til landet, noko som får store sosiale konsekvensar, og peikar på Oslo som ein by delt mellom aust og vest som døme.

Ein sportsidiot

På fritida er 26-åringen saman med vennar og familie, og driv mykje med sport – spesielt golf eller innebandy. Der ligg også kimen til hans største tidstjuv i kvardagen:

– Eg er ein sportsidiot, så det må vere sport på TV.

– Kva for ei bok bør alle lese? Kvifor?

Dette er boka Andreas Brännström tilrår alle å lese.

Free to choose av Milton Friedman. Den forklarar kvifor personleg fridom er ein føresetnad for velstand, velferd og ei positiv samfunnsutvikling. Folk må få fridom til å ta eigne sjølvstendige val, fordi folk veit betre enn staten kva som er best for dei. Om folk får fridom til å velje og prioritere – så vil folk velje det beste for dei. Då vil alltid dei beste tilboda og tenestene vinne.

For å halda seg oppdatert les Brännström mykje nyheiter og sosiale medium, samstundes som Politisk kvarter og Dagsnytt 18 er faste innslag i kvardagen.

– Ein lærer også veldig mykje av å besøke bedrifter og organisasjonar, og delta på kurs og skulering gjennom politikken, fortel FpU-formannen.

Ville invitert Donald Trump på middag

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Donald Trump. Det er verdas mektigaste mann og ein utruleg interessant person – kanskje den mest utenkelege politiske leiaren i min generasjon. Eg ville spesielt spurt kva det er som driv han. Eg ville servert norsk husmannskost.

Skal tru om Donald Trump likar norsk husmannskost? Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit samfunn kor staten ikkje avgrensar folk sine mogelegheiter til å oppnå draumane sine, og kor det er lov å lukkast. Og ein stat som ikkje tek pengane frå folk for å sløse det vekk på uviktige formål. Med politikarar som tek gode avgjerder, basert på fakta og fornuft.

Fem kjappe:

HUND ELLER KATT? Hund. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? Hyttetur. Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA? Pizza. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

HARRY POTTER ELLER HUNGER GAMES? Har ikkje sett nokon av delane. Foto: Murray Close

BEYONCÉ ELLER HELLBILLIES? Hellbillies.

Andreas Brännström

Frå: Sarpsborg i Viken fylke
Alder: 26
Yrke/utdanning: Studert samfunnsgeografi, jobba som seljar i familieselskapet
Favorittfag på skulen: Gym og samfunnsfag
Ulike verv: Bystyrerepresentant i Sarpsborg, tidl. 1. nestformann i FpU og fylkesformann i Oslo FpU.
Medlem i: Framstegspartiets Ungdom