Gardsgut, barista og museumsvert – slik debuterte ungdomspolitikarane på arbeidsmarknaden

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å jobba på kafé er å perfeksjonere cappuccino-teknikken, selje så mange liter brunost-is som mogleg, ha sorgsamtalar, feira trulovingar, vaske utruleg mykje og vere ein ven for heile byen.

Det skriv KrFU-leiar Edel-Marie Haukland. 23-åringen hadde sin første skikkelege sommarjobb som 19-åring, då ho vaska og stod i kassa på Melkebaren i Bodø.

KrFU-leiar Edel-Marie Haukland (23) frå Bodø ser framleis på Melkebaren som sin andre heim. I år fekk ho siste rest av feriepengar frå Melkebaren, noko som lokka fram nostalgien. Foto: Oda Gregussen, KrFU

Frå arbeidsveke til ein ny heim

Bodøværingen hadde jobba vakter i Melkebaren heilt sidan ho hadde arbeidsveke der i 10. klasse. 15-åringen brukte mykje fritid der og kjente kaféen godt då ho fekk dei første sommarjobbvaktene og jobba seg opp i systemet, der ho etterkvart fekk lage kaffi.

– Det var overveldande å plutseleg ha ansvar for nøklar, kassa og ha åleinevakter for første gang, minnast 23-åringen, som hadde same jobben nesten alle feriar fram til i fjor.

Pengane gjekk stort sett til kaffi, men det vart igjen litt til nokre Italia-turar òg.

Sommarjobb på Stortinget

I fjor hadde KrFU-leiaren ein ny sommarjobb, nemleg som trainee for KrF på Stortinget.

– Var stas det òg, sjølv om eg sakna Melkebaren. Fekk heldigvis dratt innom ein tur under valkampen, skriv Haukland, som ikkje er i tvil om at det er den beste sommarjobben ho har hatt.

– Å bruke heile sommaren på Melkebaren var heilt spesielt. Særleg somrane 2016-2018 var magiske. Køa stod ut døra, eg blei godt kjent med kollegaar og stamgjester og hadde det heilt strålande. Den kaféen er framleis min base, ein heim nummer to.

På biletet til venstre er Torleik Svelle 16 år og hjelper far sin Tore Svelle med å sleppe kvigene ut på jordet. Til høgre er frå sommarjobb på Gol i 2018. Foto: Privat

Frå vogge til gard

Allereie då han var 7-8 år byrja senterungdomsleiar Torleik Svelle å jobbe på garden heime i Saksumsdalen.

– Den aller første sommarjobben min var å vaske fjøs. Spyle unna møk og drit slik at fjøset er reint til kyra kjem tilbake frå fjellet, minnast 24-åringen.

Som 16-åring fekk han større ansvar då han hadde ansvar for 24 mjølkekyr og nokre kalvar på ei seter, ein sommarjobb han hadde i fleire år.

– Kva bestod arbeidsoppgåvene dine i?

– Stå opp klokka 06.00, mjølke ku, så sette opp litt gjerde og syte for at beitet er i orden. Så har ein fri og fjellet for seg sjølv fram til klokka 17.00, når kyrne skal mjølkast igjen. Altså, betalt ferie med litt kumjølking.

Senterungdomsleiaren har hatt fleire landbruksrelaterte jobbar, som å køyre silo, måle og anna førefallande gardsarbeid, men ingenting kan måle seg med å vere på setra.

– Det er så koseleg å vere saman med kua, nyte stilla og lufta på fjellet. Kople heilt ut og gjere ingen ting anna enn å mjølke ku, gå i fjellet og laga god mat.

–  Korleis fekk du jobben?

– Først via min far. Deretter gjekk eg inn på www.seterkultur.no. Der er det ofte ledige jobbar på seter om ein er ute i god tid og kan å mjølke.

Leiar i Sosialistisk Ungdom, Synnøve Kronen Snyen, fekk ikkje ha med på mobilen då ho hadde sommarjobb på Tusenfryd. Foto: SU, Tusenfryd

Tre år med Tusenfryd

Leiar i Sosialistisk Ungdom, Synnøve Kronen Snyen, var berre 15 år gamal då ho fekk sin første sommarjobb i moroparken Tusenfryd. Jobbintervjuet var av den litt uvanlege sorten:

Eg hugsar at då eg møtte opp på jobbintervju så sat vi i ei stor gruppe og fekk informasjon frå ein av leiarane. Plutselig ba dei oss om å melde oss frivillig til å synge ein sang framfor alle. Eg reiste meg opp og song Hode, skulder, kne og tå. Det var veldig flaut, men eg fekk jobben!

Ho vart tre sesongar på Tusenfryd der ho hovudsakleg laga mat på Vertshuset og selde is til både gjester og personale.

Pengane gjekk hovudsakleg til ei tre veker lang språkreise til britiske Brighton, der ho budde hjå ein veldig hyggeleg familie og blei kjent med masse folk frå ulike land.

– Men eg brukte ein overraskande stor del på å kjøpe mat i lunsjen på vidaregåande, medgjev 23-åringen.

Jobben på Tusenfryd kan likevel ikkje måla seg med fjorårets sommarjobb som SUs sommerleirsjef.

– Å arrangere sommarleir på Utøya er noko av det mest morsame eg har gjort! Det var mykje jobb, men utruleg gjevande å laga eit arrangement som så mange SUarar vil delta på.

FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud (27) sin første sommarjobb var som barista, men den gøyaste var som trainee på Stortinget som 21-åring. Foto: Privat, Arbeidarpartiet

Frå barista til Stortinget

Ein annan som har vore innom baristayrket i ung alder er FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud, som debuterte med sommarjobb på Kafferiet i Horten.

– Eg jobba der heile året ved sida av skulen, men om sommaren jobba eg for fullt. Første sommaren eg jobba der trur eg at eg var 17 eller 18 år.

Sjølv synest han at det er litt seint å byrja med sommarjobb, men byrja allereie som 15-åring som stasjonsmedarbeidar på Shell.

Sommarjobben som barista fekk han etter å ha vist litt ekstra interesse for arbeidet til dagleg leiar. Ho spurde om han var ute etter jobb og etterkvart utvikla Svendsrud ei stor interesse for kaffi.

– Jobben gjekk ut på kafédrift. Laga espressobaserte drikkar, service, servere kaffi, rydde, ta oppvasken og vaske lokala. Det var ei veldig gjevande tid!

27-åringen har sett pris på alle jobbane han har hatt, men synest likevel det var noko veldig spesielt ved å få lov til å jobba på Stortinget i tidleg 20-åra.

– Då eg var 21 år var eg trainee på Stortinget. Det var ein utruleg lærerik sommar, kor jobben går ut på å vere politisk rådgjever for dei stortingsrepresentantane som er på jobb om sommaren.

På biletet til høgre har RU-leiar Alberte Bekkhus si første omvising framfor Konvensjonsgården i Moss. Foto: Privat

Draumejobb med industrihistorie

Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus hadde sin første offisielle sommarjobb som 18-åring, men då var det i tillegg ein jobb som passa ho godt

– Eg tror at å vere museumsvakt på Moss By og Industrimuseum er den beste sommarjobben eg kan tenke meg. Det var både lærerikt, triveleg og gjevande. Perfekt kombinasjon av hygge og stress– og ikkje minst fekk eg jobba med to av mine favorittting: Moss og arbeidarhistorie.

Det var sommaren 2018, og mora oppmoda ho til å søkje. På intervjuet løfta ho fram at ho var med i Raud Ungdom og Raudt – og fekk jobben!

Dagen starta med å opne museet, stå i kassa, vaske ved behov, ha omvisingar inne i museet og rundt om i Møllebyen og Verket, samt hjelpe born som kom for Barnas Museumsstafett.

Pengane vart sett på sparekonto og kom godt med som buffer då ho flytta heimefrå same haust og hadde ei veldig ustabil inntekt ei eit bemanningsbyrå.

– Eg jobba der berre det eine året, men det var ein veldig gjevande og morosam jobb. Eg fekk spørsmål om eg ville søkje igjen, men året etter var sommaren min så full at det diverre ikkje var mogleg.

Nyleg avtroppa SU-leiar Andreas Sjalg Unneland, FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud og KrFU-leiar Edel-Marie Haukland lyt som så mange andre arbeide frå heimekontor. Foto: Privat