Leiarkamp i KrFU: – Bra å utfordre ei innstilling som blir sett på som heilag
Den eine vil ha eit samlande sentrum, den andre meiner høgresida er den mest naturlege samarbeidspartnaren.

– Eg opplever at eg har støtte i organisasjonen, og så meiner eg at det er bra å utfordre ei innstilling, som ofte i KrFU-samanheng blir sett på som heilag, seier Jonas Ek (22) på telefon til Framtida.no.
KrFU skal ha landsmøte den 25. til 26. oktober. Noverande leiar Hadle Rasmus Bjuland går av som leiar, og ein ny skal veljast. Ingrid Olina Hovland (20) er innstilt av valkomiteen, men Jonas Ek stiller som utfordrar.
– Då får landsmøtet gjort eit demokratisk val, som eg trur er bra for organisasjonen. Eg trur også det er bra med ein diskusjon om kvar ein vil ha KrFU om fem til ti år.
Vil ha eit tydeleg sentrum
Han vil ha eit samlande sentrum, med eit KrF som er midt mellom Høgre og Arbeidarpartiet i åra som kjem.
– Spesielt når samfunnet blir meir polarisert så trur eg at mykje av dei store sakene som skal løysast i samfunnet løysast best i sentrum, og den plassen og moglegheita meiner eg KrF må ta.
Det tyder ikkje at han vil lempe på verdisakene til KrFU.
– Vi er framleis er tydelege på verdikampar, men det er ikkje vårt politiske prosjekt.
Ek er originalt frå Meløy i Nordland, men flytta då han var 16 år. Han har vore lokallagsleiar i Grimstad KrFU, fylkesleiar i Agder KrFU og i dag sit han i formannskapet og bystyret i Kristiansand for KrF, samstundes som har sentralstyremedlem i KrFU. Når han ikkje er politikar, studerer han jus.
– Eg brenn for at vi skal klare å inkludere flest mogleg i samfunnet vårt, spesielt alle dei unge som er utanfor og ikkje ein del av ein fellesskap. Det er noko eg trur KrFU kan spele ei utruleg viktig rolle for som eit sentrumsparti og nå desse menneska.
Naturleg å samarbeide til høgre
– Eg er meir oppteken av at KrF skal bli den beste versjonen av seg sjølv framfor å bli plassert på ein politisk skala. Men eg meiner at KrF skal halde fram å vere trygt plassert i sentrum, men at våre naturlege samarbeidspartnarar finn vi på høgresida, seier Ingrid Olina Hovland på telefon til Framtida.no.
Hovland er den innstilte leiarkandidaten, og var fram til september generalsekretær i ungdomspartiet. Ho har vore nestleiar i Rogaland KrFU, lokallagsleiar i Stavanger KrFU, og vore i bydelsutvalet i Hillevåg i Stavanger. I tillegg studerer ho rettsvitskap ved Universitetet i Oslo.
– KrF og KrFU må utvikle ny politikk og fornye seg sjølv i takt med kva landsmøtet vårt vil, og det treng ikkje vere avhengig av kvar Høgre eller Arbeidarpartiet er plassert på den politiske skalaen.
Ho brenn spesielt for å oppretthalde forbodet mot narkotika, og halde ved like avrusingstilbod. I tillegg er ho oppteken av forsvars- og tryggingspolitikk.
Likestillingsdebatten
Den siste tida i media er det derimot diskusjonen rundt likestilling som har teke fokus. Hovland har blant anna uttalt at den tredelte foreldrepermisjonen bør opphevast og at ein kan fjerne kjønnskvotering til høgare utdanning.
– Den likestillingspolitikken som eg har forsvart, det er jo KrFU-politikk. Så er det veldig viktig for meg at folk føler at dei kan vere ueinige og løfte nye synspunkt i KrFU, seier ho.
Sjølv om han tar opp kampen om leiarvervet, stiller Jonas Ek seg også bak KrFU sin likestillingspolitikk, og er einig med Hovland.
– Det handlar eigentleg berre om valfridom, at familiar skal får lov til å bestemme sjølv korleis dei skal fordele si foreldrekvote og leve sine liv. Viss ein går litt bak dei merkelappane som tradwife og sånn, så ser ein berre eit ønske om å gi mest mogleg valfridom til familiane. Det stiller eg meg bak.