Den nye SU-leiaren: – Noreg kan ikkje berre dilte etter USA og Donald Trump

Synnøve Kronen Snyen brenn for at Noreg skal ta ansvar i klimakampen og hennar største tidstjuv er søte dyrevideoar på Facebook.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Førre veke vart det klart at Noreg har vorte vald inn som medlem i FNs tryggingsråd. Når Noreg snart skal vandre i makta sine korridorar må vi stå opp for rettferd, fred og solidaritet, ikkje berre dilte etter USA og Donald Trump.

Det skriv Synnøve Kronen Snyen på e-post til Framtida.no.

Tysdag vart 23-åringen frå Nordre Follo vald til ny leiar i Sosialistisk Ungdom. Ho tek over leiarvervet etter Andreas Sjalg Unneland.

– Veit samfunnet kan verte endra

Snyen har vore medlem i SU sidan 2013, og fortel at ho har engasjert seg fordi ho veit det er mogeleg å skape eit rettferdig samfunn:

– All den tida ein legg ned i politisk arbeid gjer eg fordi eg veit at samfunnet kan verte endra.

23-åringen har vore oppteken av internasjonal politikk, og brenn for ein solidarisk asyl- og flyktningpolitikk, for eit internasjonalt forbod mot atomvåpen og for eit fritt Palestina.

Og leiarførebiletet hennar er ein 17-åring frå Sverige:

– Eg vert alltid inspirert av å høyre på Greta Thunberg. Ho har bygd opp ei av verdas største protestrørsler og millionar av unge har teke til gatene og krevd handling i klimapolitikken.

– For første gong har klimapolitikk vorte den saka veljarane er mest opptekne av når dei skal bestemme seg for kva parti dei skal stemme på. Det er ein stor siger for oss i miljørørsla!

Ut med oljen, inn med grøne arbeidsplassar

Den nyvalde leiaren fortel at dei tre viktigaste sakene for Sosialistisk Ungdom anno 2020 er kampen for klimarettferd, mot rasisme og mot seksuell trakassering og valdtekt.

– Noreg må ta ansvar for å kutte eigne klimagassutslepp, som eit rikt land som har pumpa opp olje i 50 år må vi gjere store utsleppskutt. Vi må slutte å leite etter endå meir norsk olje og gass, og heller bruke milliardar på nye, grøne arbeidsplassar.

Rop og krav frå barn og unge under skulestreiken for klima fredag 30. august. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Synnøve Kronen Snyen fortel også at dersom ho skulle vakna opp til si draumenyheit i morgon, så hadde overskrifta vore:

«Oljeminister Tina Bru avlyser utlysninga av 136 nye oljeblokker i Barentshavet og Norskehavet!».

Samtykkelov og antirasisme

Snyen peikar på at 1 av 10 kvinner vert utsette for valdtekt, og halvparten før dei er fylte 18 år. Ho fortel at Sosialistisk Ungdom difor vil arbeide for ei samtykkelov i Noreg, fordi berre ja betyr ja.

– Det er altfor mange stemmer ute i samfunnet som prøvar å legge skulda på offera. Noreg treng eit lovverk som tek valdtekt på alvor.

Samstundes understrekar den nyvalde leiaren at rasisme lenge har vore ei hovudsak for ungdomspartiet.

Bilete frå demonstrasjonen We can’t breathe – rettferd for George Floyd i Oslo 5. juni 2020. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Snyen fortel at SU-medlemmar dei siste vekene har stått i spissen for demonstrasjonar mot rasisme og politivald rundt om kring i heile landet – frå Kristiansand i sør til Hammerfest i nord.

– Å vere antirasist handlar om å erkjenne at dersom vi skal kvitte oss med rasismen, så held det ikkje å tenke fine tankar. Ein må aktivt kjempe mot rasisme og rasistiske organisasjonar, understrekar ho.

Ville ete middag med banebrytande politikar

Synnøve Kronen Snyen tilrår alle å lese Linn Stalsberg si bok Det er nok nå, gjeven ut på Forlaget Manifest.

No når det er sommar brukar Synnøve Kronen Snyen fritida si på å bade og å lese bøker. Boka ho synest alle burde lese, er Det er nok nå av Linn Stalsberg.

– Ho skriv svært godt om korleis nyliberalisme påverkar både menneske og miljø. vi treng eit nytt økonomisk system for å redde kloden og for å ta eit oppgjer med «bruk og kast»-samfunnet!

Den største tidstjuven i kvardagen til den nyvalde leiaren er å sjå søte dyrevideoar på Facebook:

– Eg likar best filmar av kvalar, det er veldig flotte dyr.

Dersom Snyen kunne invitert kven som helst – levande eller daud – på middag, hadde ho invitert den demokratiske kongresskvinna Alexandria Ocasio-Cortez.

– Det hadde vore utruleg gøy å følgje med på korleis ho har drive valkamp gjennom grasrotorganisering i USA. Ho er ein banebrytande politikar og eg er veldig spent på kva ho kjem til å oppnå i framtida!

Demokraten Alexandria Ocasio-Cortez har gjort lynkarriere i den amerikanske politikken. Foto: Ståle Grut/NRKbeta via Flickr/CC BY-SA 2.0

Kjempar for at vanlege folk skal ha makt over eige liv

– Korleis held du deg oppdatert?

– Det går mykje tid til å lese nyheiter og lese seg opp på politiske tema og saker, men eg lærer også utruleg mykje av andre dyktige SU-arar og av våre samarbeidsorganisasjonar som er ekspertar på sine politiske felt.

–  Kva er idealsamfunnet?

– I mitt idealsamfunn ville ikkje multinasjonale selskap fått drive rovdrift på menneske, natur eller miljø, og vi ville stoppa dei farlege klimaendringane. Det ville vore små økonomiske forskjellar mellom folk, fordi samfunn med låg ulikskap er betre å leve i for alle.

Samstundes understreker Snyen at idealsamfunnet er eit samfunn fritt for rasisme, homofobi, transfobi, sexisme og diskriminering.

– SU kjempar for eit samfunn der vanlege folk får makt over eige liv og eigen kvardag, der alle har fridom til å vere seg sjølv og der alle kjønn har dei same mogelegheitene. 

Fem kjappe: 

HUND ELLER KATT? Hund. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? Hyttetur. Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA? Taco. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

HARRY POTTER ELLER BEYONCÉ? Harry Potter. Foto: Murray Close

BEYONCÉ ELLER HELLBILLIES? Beyoncé.

Synnøve Kronen Snyen

Frå: Nordre Follo i Viken

Alder: 23

Yrke/utdanning: Eg har studert kultur- og samfunnspsykologi på Universitetet i Oslo

Favorittfag på skulen: Politikk og menneskerettar

Ulike verv: Tidlegare 1. nestleiar i SU og nestleiar i Studentparlamentet på UiO. Eg har også vore fylkesleiar i Akershus SU.  

Medlem i: Sosialistisk Ungdom