For første gong innstiller valnemnda i Framstegspartiets Ungdom på ei kvinne som formann. Dei gir Christine Hartvigsen tillit.
NPK-NTB
NPK-NTB

Christine Elise Hartvigsen frå Stavanger er innstilt som ny formann av valnemnda føre FpU-landsmøtet i Oslo 22. og 23. august.

Bjørn Emil Nesset er formann i valkomiteen. Foto: FpU

– Fleirtalet i nemnda meiner Hartvigsen er den rette til å ta FpU vidare dei to neste åra, seier formann i valnemnda, Bjørn Emil Nesset, i ei pressemelding.

I innstillinga får Hartvigsen med seg Martin Jonsterhaug frå Vestland og Stine Jakobsen frå Innlandet som nestformenn.

Om ho blir vald på landsmøtet, vil Hartvigsen ta over for Bjørn-Kristian Svendsrud, som har leidd FpU dei siste fire åra.

FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud (27) sin første sommarjobb var som barista, men den gøyaste var som trainee på Stortinget som 21-åring. Foto: Privat, Arbeidarpartiet
Oppdatert: måndag 3. august 2020 12.36

LES OGSÅ

ANNONSE