Raja og Helleland kallar inn Microsoft til møte

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Brevet med invitasjonen til møtet vart sendt fredag og er underteikna av kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja (V) og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H).

Kulturminister Abid Q. Raja (V). Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet

– Er ein eit stort teknologiselskap har ein òg mykje makt. Microsofts avgjerd om å fjerne nynorsk frå Outlook for Iphone og Ipad er ei avgjerd som vil få store konsekvensar. Språk er ein del av kulturarven og identiteten vår. Det er ikkje mange månadene sidan eg la fram ei språklov der eg slo fast at norsk språk skal styrkjast, og då er opplæringssektoren, medie- og kultursektoren og IKT-politikken heilt avgjerande, seier Raja.

Raja og Helleland har innkalla til møtet for å snakke om korleis Microsoft ser på rolla si i å sikre posisjonen til norsk og samiske språk.

– Viktig oppgåve

– Det er oppgåva vår å ta vare på, utvikle og styrkje språka våre, understrekar Raja.

Samtidig med at brevet blir sendt legg regjeringa òg fram ei stortingsmelding som peikar på kva moglegheiter digitalisering kan gi for samiske språkbrukarar.

Meldinga omtaler utviklingstrekk og utfordringar for samisk språk, kultur og samfunnsliv, og tenestetilbodet til samiske innbyggjarar. Årets tema er nettopp digitalisering

Statsråd Helleland understrekar at regjeringa er oppteken av at samar skal kunne bruke språka sine på digitale flater utan hindringar.

Stortingsmelding

– Eg fryktar at urfolksspråk vil døy ut dersom vi ikkje får med tech-selskapa på denne språkdugnaden. Vi har eit ansvar for å ta vare på dei samiske språka, seier ho.

Etter at Microsoft kunngjorde at dei ville fjerne 27 språk frå Outlook-appen for Iphone og Ipad, har det komme sterke reaksjonar frå fleire hald. Fleire fylkeskommunar og organisasjonar har reagert negativt.

– Vi gjer dette for å skape ein samanheng på tvers av Microsoft 365-appar for iOS, sa talsperson for Microsoft Noreg, Tone Kjensmo, til NRK i juni.

Amerikanske Thorin (29) lærer meir om sin sørsamiske kulturarv via nett. Han har tradisjonelt samisk fottøy, men vil ikkje ha kofte. Foto: Privat