«To jamstilte skriftspråk, men berre i teorien!»

Jenny Flølo Kleppe og Hilde Horpen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Sidan 1885 har me i Noreg hatt to jamstilte skriftspråk, i alle fall i teorien. Sjølv om dei er jamstilte ser me gong på gong at nynorsk blir nedprioritert, både i skulen, media og elles i samfunnet.

Nedprioritert i skulen

I skulen får ikkje alltid elevar og studentar læremiddel og eksamen på eige hovudmål, slik kravet eigentleg er.

I koronatida har det også vore tilfelle der ulike utdanningsinstitusjonar har gått vekk frå kravet om eksamensoppgåver på begge skriftspråk, då dei meiner det er for krevjande.

Me har til og med sett at ein utdanningsinstitusjon har stempla nynorsk som eit «øvrig skandinavisk språk». Dette er ikkje greitt, og bør ikkje vere akseptabelt i 2020.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, meiner det var ei klønete formulering av Universitetet I Oslo og er glad dei retta opp feilen. Foto: Språkrådet

Teknologisk språkfelle

På mobiltelefonen er nynorsk som skriftspråk ikkje-eksisterande.

Teknologigiganten Microsoft har nyleg vedteke å kutte 27 språk, deriblant nynorsk. Dette vil vere endå eit steg i feil utvikling.

Også i media og nyheitsbilete ser me at nynorsk er nedprioritert. NRK har i 50 år hatt som krav at 25 % av innhaldet på nett, radio og TV skal vere på nynorsk. Ikkje før i 2019 vart kravet innfridd.

Også på diverse strøymetenester er det i all hovudsak teksting på bokmål. For nynorskbrukarar er det viktig å oppleve og bruke nynorsk i kvardagen for å kunne ta vare på det.

Når ein ikkje opplever nynorsk på mobiltelefon, skriveprogram og i nyheitsbilete, kan det føre til at me sluttar å skrive riktig og at skriftspråket vert meir dialektprega.

Fryktar nynorskmangel

Me fryktar at mangel på, og fråvære av, nynorsk vil føre til at skriftspråket forsvinn då nynorskbrukarane ikkje opplever det i kvardagen, som igjen gir nynorsk lågare status som skriftspråk.

For Senterungdomen og Senterpartiet er det ein viktig verdi at me framleis har to jamstilte skriftspråk. Det handlar om vår kultur, historie og identitet.

Me forventar difor at skuleverket, media og samfunnet elles tek det på alvor. Berre på den måten får me to jamstilte skriftspråk, ikkje berre i teorien, men også i praksis.


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

NTNU-student Stine Fjellkårstad (20) er skuffa over måten ho vart møtt på då ho klaga på manglande nynorskeksamen. Foto: Privat