Ho vil gjere USA hundre prosent fornybart innan ti år

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 14.02.2019 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Klimaendring og miljøutfordringar er ein av dei største eksistensielle trusselane mot vår levemåte, ikkje berre som ein nasjon, men som ei verd. For at vi skal nedkjempe den trusselen, så må vi vere så ambisiøse og innovative i våre løysingar som mogeleg.

Det sa den demokratiske kongresskvinna Alexandria Ocasio-Cortez i ein pressekonferanse framfor det amerikanske Senatet torsdag.

Saman med senatoren Ed Markey la ho fram forslaget til ein Green New Deal for USA.

Her kan du sjå heile pressekonferansen. Videoen startar kring 14.00: 

Les også: CO2-svampar skal gjere klimagass til drivstoff

10 år på å verte karbonnøytrale

I eit skriv frå kontoret til Ocasio-Cortez står det skrive at Green New Deal er ein tiårsplan som skal mobilisere alle delar av det amerikanske samfunnet på ein skala som ikkje har vore sett sidan andre verdskrig.

Green New Deal vil arbeide for at 100 prosent av straumbehovet i USA skal vere dekka av reine, fornybare energikjelder med nullutslepp innan ti år. USA skal ikkje lenger vere avhengig av olje, gass og kol.

Forslaget vil oppgradere infrastrukturen i landet, gjere bustadar meir energieffektive, samarbeide med landbruket og støtte rein produksjon. Heile planen for Green New Deal kan du lese her.

Ambisjonane til Green New Deal er omfattande. Forslaget garanterer også jobbar, høgare utdanning, rimelege bustadar, og helsetenester av høg kvalitet.

Les også: Her blir fiskebæsj til grønsaker, utan utslepp

Støtte frå fem presidentkandidatar

The New Yorker skriv at seksti demokratiske representantar frå Representanthuset og ni demokratiske senatorar har stilte seg bak forslaget.


Av desse senatorane har fem stykk annonsert at dei vil stille som presidentkandidatat ved valet i 2020: Kamala Harris, Elizabeth Warren, Cory Booker, Kirsten Gillibrand, and Bernie Sanders.

Nokre røyster meiner likevel at Green New Deal er for ambisiøs.

Ernest Moniz, amerikansk kjernefysikar og energiminister under Barack Obama, seier til National Public Radio at sjølv om USA lyt arbeide raskare mot eit skifte vekk frå karbon, så fryktar han at ramma på ti år vil verke mot si hensikt. Moniz er uroa for at den korte fristen vil føre til at fagforeiningar, oljeselskap og næringslivet ikkje støttar opp om innsatsen.

Les også: Lite nytt i klimapolitikken – kan regjeringa likevel overraske?