«Å seie at Noreg si oljeverksemd har bidrege til klimaendringar er ikkje skremselspropaganda, det er fakta»
Eg og Natur og Ungdom meiner ikkje at me skal skru av oljekrana i morgon slik som Ræmisch får det til å høyrast ut som. Men me må ha ei rettferdig, grøn omstilling vekk frå olje og gass, skriv Ingvill Mathilde Torgersen.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Nestleiar i Bergen FpU, Mathias Heian Ræmisch prøvar i sitt motsvar å koste klimaendringar sin eksistens under teppet, og det verkar for meg som at han avkreftar at klimaendringar finst. Dette er ein svært skummel påstand.
Det er sant slik Ræmisch skriv, klimaet har alltid endra seg, men det er vitskapleg vist at dei siste 50 åra, etter oljeeventyret til Noreg starta, har den globale oppvarminga skjedd i ei rasande fart. Ifylgje FN har den globale middeltemperaturen auka med 1,1 °C sidan 1750, då temperaturmålingar med instrument begynte. Mesteparten av dette har funne stad etter 1970, og FN sitt klimapanel seier at oppvarminga skjer grunna menneskeskapte klimagassutslepp.
Ei rettferdig omstilling
Etter Noreg og resten av verda begynte å pumpe og brenne olje og gass på 70-talet, har me sett store endringar i det globale klimaet. Gjennom auka utslepp av drivhusgassar har dette blitt til det me i dag kallar global oppvarming.
Å seie ifrå om at Noreg si oljeverksemd har bidrege til klimaendringar er ikkje skremselspropaganda, det er fakta.
Det har vore endringar i klima i mange år, men det har aldri skjedd so fort som det gjer i dag, og som det har gjort dei siste femti åra.
Eg og Natur og Ungdom meiner ikkje at me skal skru av oljekrana i morgon slik som Ræmisch får det til å høyrast ut som. Men me må ha ei rettferdig, grøn omstilling vekk frå olje og gass. Denne skal skje i samråd med og på rettferdig vis for arbeidarane. Dette vil også skape trygge, føreseielege og varige arbeidsplassar. Det finst tusenvis av kloke hovud og nyttige hender i petroleumsnæringa i dag, som me treng for å gjennomføre eit grønt skifte, men denne omstillinga krev politisk satsing. Det er her me må leggje inn støyten, ikkje på ikkje-fornybare næringar som atomkraft.
Med denne gradvise omstillinga, vil me sjå enden på oljealderen i Noreg, men det skal skje over tid, og det er difor me må starte i dag.
Les partiprogramma
Til sist vil eg kommentere på Ræmisch sin påstand om at gjennomføringa av det grøne skriftet treng FrP i regjering. Dette er ein total skivebom, og ikkje sanninga. Om ein skal lese partiprogramma til Stortingspartia vil ein merke seg kven som har den mest ambisiøse planen for å nå klimamåla me har forplikta oss til gjennom Parisavtalen, og dessutan måla for naturvern me er forplikta til gjennom naturavtalen vedteken i Montreal.
Det er ikkje FrP.
Til alle som vil røyste for ei grøn framtid og eit grønt skifte med berekraftige løysingar vil eg tilråde dykk å ta ein titt på partiprogramma til partia på venstresida. Der kan ein finne parti som ynskjer reell klimahandling, og som har ein god plan for å gjere dette, noko FpU og FrP ikkje har.
Har du fått med deg debatten?
- «Me må slutte å snakke om kor deilig det er at våren og det varme vêret kjem tidleg» av Ingvill Mathilde Torgersen, leiar i Troms Natur og Ungdom
- «Noreg treng både olje, gass og kjernekraft!» av Mathias Heian Ræmisch, Nestleiar Bergen FpU
- «Drill, baby, drill» er ein blindveg for framtida av Julie Trengreid Gruer, fylkesstyremedlem i AUF i Akershus
- «AUF roper høgt, men Arbeidarpartiet elskar olje like mykje som oss» av Mathias Heian Ræmisch, Nestleiar Bergen FpU