Kva er forskjellen på klimapolitikken til Joe Biden og Bernie Sanders?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyheita: Joe Biden blei den store vinnaren etter tysdagens primærval i fjorten delstatar (supertysdag). Det gjer han til favoritt i kampen om å bli demokratanes presidentkandidat. I klimapolitikken går Biden lenger enn det Obama gjorde, men han er betydeleg mindre radikal enn rivalen Bernie Sanders.

Bakgrunn: Etter at Pete Buttigieg, Amy Klobuchar, Michael Bloomberg og Elisabeth Warren denne veka trekte seg frå demokratanes primærval, står valet no mellom sentrumskandidaten Joe Biden og venstresidas Bernie Sanders. Klimapolitikk har vore eit viktig tema så langt i primærvalet, og både Sanders og Biden har – i det store biletet – ambisiøse mål. Hovudskilnaden er at Sanders går mykje lenger i dei fleste spørsmål. Her er nokre hovudpunkt som MIT Technology Review publiserte onsdag, og som også Lisa Friedmann i New York Times er innom i nyheitsbrevet Climate Fwd:.

  • Medan Bidens klimaplan har mål om 100 prosent CO2-fri energiforsyning og netto nullutslepp innan 2050 (han meiner truleg om null utslepp av CO2, ikkje klimagassar), er ambisjonen i Sanders sin klimaplan 100 prosent fornybar kraft- og transportsektor allereie i 2030 og ein fullstendig avkarbonisert økonomi i 2050.
  • Sanders har ein meir uforsonleg tone overfor fossilindustrien og vil forby fracking, stanse import og eksport av olje og gass og få slutt på all petroleumsutvinning på statleg grunn. Biden er langt frå denne linja. Hans svar er tøffare regulering.
  • Sanders seier nei til gasskraft, kjernekraft og CCS, men Biden seier han aktivt vil satse på nettopp kjernekraft og CCS som del av hans grøne innovasjonsløfte.
  • Ingen av dei har gjort CO2-skatt til hovudspor i klimapolitikken , sjølv om dei her er usamd i sak. Biden er for CO2-skatt, Sanders er imot.
  • Begge snakkar om «Green new deal», men i svært ulik skala. Medan Sanders plan har ei kostnadsramme dei neste ti åra på over 16 000 milliardar dollar, nøyer Biden seg med godt under 2 000 milliardar dollar.

LES OGSÅ: Ho vil gjere USA hundre prosent fornybart innan ti år

Joe Biden (til venstre) og Bernie Sanders etter ein valdebatt i februar. Foto: AP Photo/Elise Amendola

Kor er konflikten? Uavhengig av kven som skulle vinne nominasjonen til demokratane, vil avstanden til republikanarane vere enorm. Å få finansiert klimaplanen til Biden eller Sanders blir vanskeleg.

Det store biletet: Sidan Donald Trump blei president har den internasjonale klimapolitikken mangla eit sterkt og tydeleg leiarskap. Verda treng sårt ein amerikansk president som ser interessa av å bruke både økonomiske musklar og diplomati i klimaets teneste. Ein ny administrasjon med klimaambisjonar kan dessutan bidra til at amerikansk næringsliv i større grad enn i dag melder seg på i kampen om å utvikle framtidas nullutsleppsteknologiar. Det gjeld ikkje minst amerikanske energiselskap og bilprodusentar, som til no har stått for ei meir passiv haldning til energiomstillinga enn sine europeiske kollegaer.

Kva skjer framover. Primærvala held fram heilt til byrjinga juni, men den siste av dei store delstatanane (med mange delegatar) er New York 28. april. Sjølve partikongressen finn stad 13.-16. juli, medan valdagen er 3. november. Innsettinga av ny president skjer først 20. januar 2021.

Vil du gå djupare? Sjå på FiveThirtyEight om du vil lese analyser og prognosar om valet, eller New York Times for oppdatert oversikt over delegatfordelinga mellom Biden og Sanders.

Teksten er henta frå 5 på ein fredag-spalta til Energiogklima.no.

Med «New York State Climate Leadership and Community Protection Act» vil delstaten kutta klimagassutsleppa med 85 prosent av 1990-nivå innan 2050. Det vil dei mellom anna gjere med å få delstaten over på eit nytt karbon-fritt elektrisk system innan 2040. Foto: Matteo Catanese, Unsplash.com