I klårtekst: Kva er eigentleg eit cruise, og kvifor er alle så sinte?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 30.11.2020 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er du ein av dei som drøymer om cruise i Karibien, eller er du hissig på store doningar i verdsarvfjordane. Her får du eil lita innføring i cruisehistoria og kontroversen rundt næringa. 

Kva er eit cruise?

Eit cruise er ganske enkelt definert som ein båt som stoppar i minst tre ulike hamner og ikkje har med seg varer. Det betyr at Hurtigruten på tur langs norskekysten ikkje er eit cruise, sjølv om nokon vil kalla det det.

Verdas største cruiseskip er Royal Caribbean sitt MS «Symphony of the Seas», som har teke i mot passasjerar sidan 2018. Det 362 meter lange skipet har 18 dekk, veg 230.000 tonn og kan ha 5 535 passasjerar pluss 2100 personar i mannskapet.

Om bord kan gjestene leika seg i ein eigen vasspark, stå på skøyter på ein kunstig isbane og klatra i ein 13 meter høg vegg. I tillegg har skipet ein eigen zipline gjennom ni(!) av etasjane.

Royal Caribbean sitt MS «Symphony of the Seas» fotografert i Frankrike i 2018. Skipet er eitt av fleire som har opplevd utbrot av korona. I april døydde ein av mannskapet etter å ha testa positivt for Covid-19. Foto: AP Photo/David Vincent, File

Korleis starta cruiseturismen?

I 2018 var det heile 28,5 millionar(!) cruiseturistar på dei sju hav, som er ein massiv auke sidan den spede byrjinga.

Dagens cruisetrafikk stammar frå den transatlantiske skipstrafikken mellom Europa og Amerika som ein gong i tida var den einaste måten ein kunne kryssa havet på. Du hugsar kanskje soga om Titanic og isfjellet? 

På 1960-talet byrja dei første transatlantiske skipa å sende passasjerar frå USA til varme Karibien vintertid. Området har lenge vore eit ynda reisemål for cruiseturistar, du veit, slike godt vaksne amerikanske par med matchande bøttehattar, magetasker og sokkar i sandalane.

70-talet vart starten på ein cruiserevolusjon med eksplosiv vekst i Karibien, der fleire hamner no la til rette for at skipa kunne leggje til kai.

Nokre år seinare fekk den amerikanske såpeserien The Love Boat som gjekk på ABC frå 1977-1986 æra for at cruise vart endå meir populært.

Sidan slutten av 90-talet har også Disney vorte assosiert med cruisverksemd. Selskapet tek barnefamiliar med på cruise med sine fire skip: Disney Magic, Disney Wonder, Disney Dream og Disney Fantasy.

Selskapet ligg ikkje på latsida og planlegg å utvida flåten med tre nye skip.

Kven reiser på cruise?

Du tenkjer kanskje at cruiseturistar er eldre ektepar med cowboystøvlar, og du er ikkje langt frå sanninga. Den typiske cruisepassasjeren er ein amerikanar på 50+. 

I 2018 var halvparten av cruiseturistane over 50 år og aller flest cruiseentusiastar fann ein i aldersgruppa 60-69 år, ifølgje Cruise Lines International Association (CLIA) Global Passenger Report

Over 100.000 nordmenn reiste på cruiseferie det året, noko som var ein liten nedgang frå året før. Det ser altså ut til at Noreg ikkje er heilt med på cruisebølgja som rir verda.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Det er likevel ein del barnefamiliar som dreg snittalderen på cruiseturistane ned til 46,7 år.

Brorparten turar rundt i Karibien, Bahamas og Bermuda, men størst auke har det vore i det vesle nisjetilbodet om utforskingscruise, som Hurtigruten sine turar til Antarktis.

Kva cruiseturistar kjem til Noreg?

Du trudde kanskje at cruisetrafikk berre handla om Piña coladas i Karibien, men nei. Også Noreg er eit populært reisemål for cruiseturistar.

Dei siste tiåra har Noreg hatt ein eksplosiv vekst i talet på både cruiseskip og turistar. I 2019 var det 2.759 cruiseanløp i Noreg, som hadde med seg nesten 4,1 millionar passasjerar. 

Det er ei auke på 360.000 passasjerer frå året før, ifølgje Kystverket.

Ifølgje Innovasjon Norge er det klart flest tyskarar som cruisar i Noreg, følgd etter av Storbritannia og USA. Dei siste åra har også cruiseturistane som kjem til Noreg vorte yngre, der fleire reiser med born.

Kor i Noreg reiser cruiseturistane?

Vestlandet er spesielt populært. Bergen og Bryggen tronar på toppen, framfor Stavanger, Geiranger, Ålesund, Tromsø og Flåm.

Transportøkonomisk Institutt (TØI) rekna med at talet på cruiseturistar til Vestlandet i perioden 2018 til 2040 vil auke frå 600.000 til éin million.

Trass i at Vestlandet er på cruisetoppen, er det attraksjonar lenger nord som er viktigast for cruiseturistane. Nidarosdomen tronar øvst på lista over turistattraksjonar, etterfølgd av Nordkappplatået, Hammerfest kyrkje, Bakklandet i Trondheim og Bryggen i Bergen.

Økonomisk vinst?

Så kva går diskusjonen og motstanden ut på?

I fjor kom Innovasjon Norge med ein stor rapport som viser at cruiseturistar legg igjen stadig mindre pengar i Noreg. I fjor sommar brukte ein gjennomsnittleg utanlandsturist i Noreg 1240 kroner i døgeret, medan ein cruiseturist berre la att skarve 510 kroner i norske hamner.

Trass i at det kjem stadig fleire cruiseturistar, tener me mindre på dei enn før. I 2014 tente norsk økonomi 2,3 milliardar på cruiseturistane sitt forbruk, eit tal som sokk til 1,8 milliardar i fjor.

Mesteparten av pengane vert altså liggjande att på skipa, som gjerne har utanlandske eigarar.

Kor miljøskadeleg er cruise?

Der mange før såg cruiseturisme som eit økonomisk gode, er det no fleire som reagerer på dei miljøskadelege effektane. 

Når ein høyrer om utslepp frå cruise er det – i tillegg til CO2 – to gassar som går att: svoveloksid (SOx) og nitrogenoksid (NOx).

Om ein skal vere skikkeleg pirkete, så er ikkje SOx og NOx-gassar i seg sjølv, men samleomgrep på fleire svovel- og nitrogengassar.

Utslepp av svoveloksid er eit betydeleg miljøproblem, som bidreg til sur nedbør.

I 2017 var verdas største cruiseseslskap, Carnival Corporation, ansvarleg for ti gongar meir utslepp av svoveloksid (SOx) enn alle Europas bilar til saman. Det året var det over 260 millionar registrerte bilar i Europa, ifølgje organisasjonen Transport & Environment

Illustrasjon: Transport & Environment (omsett av Framtida.no)

Spania, Italia og Hellas er hardast råka av utsleppa, tett følgt av Frankrike og Noreg. I Noreg slepp cruiseskip ut meir svovel enn heile resten av kystflåten, og i tillegg slepp skipa ut meir nitrogenoksid (NOx) enn alle bilane her til lands. 

Også NOx bidreg til helse- og miljøskadeleg luftforureining og er ein av dei viktigaste årsakane til fotokjemisk smog, som fleire storbyar (og særleg astmatikarane som bur der) er plaga av.

I tillegg til utslepp til luft og hav peikar fleire på lydforureining, samt trugselen mot dyreliv og korallrev.

Kan landstraum redde verda?

Cruiseskip forureinar når dei køyrer, men visste du at dei også forureinar medan dei ligg i hamn?

Grunnen er at dei fleste cruiseskip brukar dieselaggregat for å produsere straum til skipet medan dei ligg til kai. Stadig fleire hamner byggjer no ut landstraum som skipa kan kople seg på, slik at dei ikkje forureinar medan dei ligg i ro. 

I Klimakur 2030 løftar regjeringa landstraum som eit viktig tiltak som kann kutte CO2–utsleppa frå skipsfarten med 2,9 millionar tonn i perioden 2021-2030. I tillegg vil landstraum føre til mindre SOx og NOx-gassar, samt svevestøv.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Men landstraum er ikkje så lettvint som det høyrest ut.

Sidan 2012 har Enova delt ut nær 650 millionar kroner til rundt 95 landstraumprosjekt langs heile norskekysten, men førebels er det få skip som kan nytta seg av løysingane og det er difor ikkje kommersielt lønnsamt.

Fleire fryktar òg at straumprisane kan gjere at skip vel å nytta dieselgeneratorar, fordi det er billegare.

Strengare utsleppskrav

Så kva gjer Noreg for å handskast med næringa?

I 2018 vedtok Stortinget nullutsleppskrav for cruiseskip som reiser i dei fem norske verdsarvfjordane (Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden) frå 2026. Sjøfartsdirektoratet har gått inn for å utsetje kravet til 2030.

Argumentet til Sjøfartsdirektoratet er at få skip vil innfri krava innan tida og at ein risikerer at problemet berre flyttar seg til andre fjordar. På bakgrunn av dette har Frp fremma eit forslag om å utsetja kravet, men møter motstand frå både Høgre og SV.

Det vert likevel strengare. Seinast 1. mars i år innførte regjeringa strengare utsleppskrav i verdsarvfjordane. 

Dei nye reglane medfører ein reduksjon av utsleppa av kloakk og gråvatn frå skip. Det vert gradvis strengare krav til utslepp av NOog strengare regulering i bruken av eksosvaskesystem. Det kjem også krav om ein miljøinstruks for kvart enkelt skip og forbod mot forbrenning av avfall om bord. 

Til no har berre eitt skip blitt bøtelagd for å bryta kravet. Det greskeigde, Bahamas-registrerte skipet MS Magellan måtte ut med 700.000 norske kroner då det viste seg at dei hadde for mykje svovel i drivstoffet. Svovelgrensa i verdsarvfjordane er på 0,10 prosent, men skipet gjekk på drivstoff med 0,17 prosent, ifølgje NTB.

Kan ny teknologi redde næringa?

Norsk teknologi er langt framme når det kjem til utsleppsfri skipsfart og alt i 2024 reknar ein med å kunne reise med dei første utsleppsfrie snøggbåtane på Vestlandet.

Det er likevel eit stort hopp opp til ei utsleppsfri næring, men den norske næringsklynga NCE Maritime CleanTech har fått med seg to internasjonale cruisegigantar for å utvikla eit nytt konsept som kan gjera næringa grønare.

I fjor fortalde dei at skipa kunne vere utsleppsfrie allereie i 2026, men at det vil vera dyrare enn konvensjonelt drivstoff, ifølgje E24.

Med strengare utsleppskrav i verdsarvfjordane såg dei føre seg eit eksklusivt tilbod tilgjengeleg for dei som kunne og ville betala for det.

Næringsklynga NCE Maritime CleanTech kunne i fjor fortelja at dei hadde inngått ein avtale med gigakonserna Royal Caribbean Cruises og Carnival Corporation for å utvikle ny teknologi. Illustrasjon: NCE Maritime CleanTech

Vil redusera framkomstane fleire stader

Koronapandemien har råka cruisenæringa hardt. I Noreg har me til dømes skandalen på Hurtigruten (som ikkje teknisk sett er eit cruise, men kan likne).

Koronapandemien har vore eit realt skot for baugen for cruisenæringa, til liks med andre reiselivsnæringar verda over. Korleis reisemønsteret vårt vert etter korona er framleis usikkert, men fleire stader vil dei avgrensa trafikken også etter korona.

I Stavanger har politikarane til dømes vorte einige om å redusera talet på cruiseskip som legg til kai og prioritera miljøvenlege skip. 

I fjor kom over ein halv million cruiseturistar til Bergen. Bystyret i Bergen har vedteke eit tak på tre skip og 9000 passasjerar om dagen, men fordi norske hamner har mottaksplikt for skip får dei ikkje handheva vedtaket.

Verfta og vegen vidare

Noreg har ei stor interesse i cruisenæringa òg gjennom verftsindustrien langs kysten, som er avhengige av kontraktar. Fleire er difor uroa for korleis denne næringa vil klara seg etter korona.

For vil cruiseturismen ri på den same medvindsbølgja som dei har gjort sidan 70-talet? Eller er me ferdige med å drikke paraplydrinkar på dekk medan me drøymer om å få ein invitasjon til kapteinen sitt bord?


Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no