Nesten 1 av 6 nordmenn vil ikkje bruke munnbind

To av ti nordmenn er imot krav om å bruke munnbind. 17 prosent av befolkninga over 18 år seier dei vil nekte å bruke munnbind dersom det blir påbode.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av ei gransking utført av YouGov for Farmasiet.

– Dette er ein betydeleg del, og noko eg sjølvsagt håper endrar seg dersom ei anbefaling eller eit påbod skulle komme, seier dagleg leiar i Farmasiet, Hans Kristian Furuseth, i ei pressemelding.

3 av 4 vil bruka munnbind om det blir anbefalt

– Bruk av munnbind har sine fordelar, spesielt i situasjonar der det er trongt om plassen, som for eksempel på bussane i storbyane. Heldigvis svarer tre av fire nordmenn i denne undersøkinga at dei planlegg å bruke munnbind dersom det blir anbefalt eller påbode, seier Furuseth.

38 prosent av nordmenn er bekymra for at folk sluttar å bry seg om avstand dersom munnbind blir påbode og brukt.

I tillegg meiner tre av ti at det er irriterande eller plagsamt å bruke munnbind.

Det finst også enkelte nordmenn som meiner at munnbind kan gjere det enklare for kriminelle å gøyme seg bak ei maske (10 prosent), at munnbind vil få folk til å føle seg einsame (8 prosent) og at det øydelegg utsjånaden (2 prosent).

Ifølgje undersøkinga vil halvparten av befolkninga her i landet ha munnbindkrav på kollektivtransporten og flyreiser, medan om lag tre av ti vil ha munnbindkrav på ferje og båt.

På den andre sida av skalaen svarer 20 prosent, eller 840.000 nordmenn, at dei ikkje ønskjer munnbindkrav nokon stader.

Illustrasjonsfoto av munnbind, Visuals/Unsplash