Studie viser mange biverknader med energidrikker – norske ekspertar er bekymra

Ein stor internasjonal studie viser ei rekke moglege biverknader av å drikke energidrikk. Ekspertar er bekymra for auken av inntaket blant unge.

NPK-NTB
Publisert

Forskarar frå Senter for translasjonsforsking i folkehelse ved Newcastle University og Teesside University i Storbritannia har sett på data frå 57 studiar. Dei omfattar meir enn 1, 2 millionar barn og unge frå 21 ulike land.

– Det er ganske tydeleg. Blant 57 studiar fann dei ingen positive verknader av energidrikk, bortsett frå at nokre iranske symjarar hadde auka prestasjon, seier Jutta Dierkes, som er professor i klinisk ernæring ved Universitetet i Bergen, til TV 2.

– Eg er veldig bekymra for den kraftige auken av inntaket blant unge, legg ho til.

Søvnproblem

Dierkes koplar dei mange negative biverknadene i studien med søvnproblem. Bjørn Bjorvatn, som leier Nasjonalt senter for søvnmedisin, deler bekymringa til professoren.

– Vi har fleire studiar som peikar på at søvnproblem aukar blant unge, og sjølv om vi ikkje veit sikkert årsaka, så er koffein om kvelden ei mogleg forklaring, seier han.

Koffein er eit sterkt aktiviserande middel som gjer søvnen dårlegare, og Bjorvatn ber folk unngå koffeindrikker etter klokka 17.

FHI: Meiner det hastar med ny lov

I mai i fjor var eit fleirtal på Stortinget samde om at kjøp og sal av energidrikk til barn under 16 år bør forbydast, men førebels har det ikkje kome noka ny lov om dette. Folkehelseinstituttet (FHI) meiner det hastar.

– Eg meiner at det er nødvendig for å verne dei under 18 år mot helseskadar knytt til koffein i energidrikker, seier seniorforskar Anne Lise Brantsæter i FHI til kanalen.

Heile 72 prosent av vidaregåandeelevar drikk energidrikk, viste ein rapport frå FHI frå desember 2023.