Heimelaga munnbind på nettet manglar merking

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Munnbind i stoff kan vere eit rimelegare alternativ til medisinske munnbind og meir miljøvennlege enn papirmunnbind som berre kan brukast ein gong.

På nettstader som Finn, Tise og Epla ligg det ute fleire hundre annonsar frå privatpersonar som sel heimesydde tøymunnbind, fortel NRK.

– Skal ikkje stå at det vernar mot covid-19

Men langt frå alle har merkt annonsane med i kva grad tøymunnbinda vernar mot smitte.

Sverre Limtun i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) seier det skal kome tydeleg fram at tøymunnbind ikkje vernar mot koronasmitte på same måte som medisinske munnbind gjer.

– Det kan stå at det kan avgrense dropespreiing, men det skal ikkje stå at det vernar mot covid-19 og reduserer risikoen for å bli smitta, seier Limtun til kanalen.

Sikker kvardag

Skjermdump: Sikkerhverdag.no

På nettstaden sikkerhverdag.no har direktoratet samanfatta krav til dei som sel ikkje-medisinske munnbind, som tøymunnbind. Forbrukaren må få tydeleg informasjon som gjer dei i stand til å vurdere tryggleiken til produktet, skriv direktoratet.

– Når ein vel å produsere slike munnbind, må ein vere klar over at den informasjonen må ut til forbrukaren, slik at ein ikkje skaper ein falsk tryggleik, seier Limtun, som er utgreiingsleiar i DSB.

Illustrasjonsfoto: Gabriel /Unsplash