FHI: Slepp skuleungdom inn på bussen først!
Folkehelseinstituttet ber vaksne som ikkje har samfunnskritisk arbeid, om å sleppe skuleelevar først inn på buss og trikk. Blir det fullt, må dei vaksne vente.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dersom du skal gå på ein buss som er i ferd med å bli full, og du ikkje har arbeid i kritiske samfunnsfunksjonar, oppmodar vi deg til å la skuleelevar få gå på i staden for deg, seier Margrethe Greve-Isdahl ved FHI.
Blir det fullt, blir vaksne oppmoda til ikkje å gå på, men heller vente på neste avgang eller finne alternativ transport. Heimekontor er framleis tilrådd for dei som kan fordi det då blir betre plass i kollektivtransporten, særleg i rushtida.